Pressemelding -

Sal av petroleumsprodukt, april 2010

Redusert sal av petroleumsprodukt

I april i år vart det selt 696 millionar liter petroleumsprodukt. Dette er
ein reduksjon på 1,8 prosent eller 13 millionar liter samanlikna med april
sist år. Dei fleste petroleumsprodukta synte ein reduksjon i salet,
unntaket er nok ein gong salet av autodiesel.

Salet av autodiesel enda på 246 millionar liter. Dette er ein auke på 8,9
prosent eller om lag 20 millionar liter samanlikna med april 2009. Salet av
autodiesel utgjorde om lag 35 prosent av det totale salet av
petroleumsprodukt i april i år. Samstundes vart salet av bilbensin redusert
med 9,7 prosent. Det totale salet enda på 128 millionar liter, 14 millionar
liter mindre enn i april sist år. Ser ein på prisutviklinga for dei to
produkta har prisen på bilbeinsin auka litt meir enn prisen på autodiesel.
Prisen på bilbensin auka med 14,4 prosent frå april 2009 til april 2010,
medan prisen på autodiesel auka med 12,9 prosent i same periode. I april
2010 kosta ein liter bilbensin 95 oktan i gjennomsnitt 12,96 kroner og ein
liter 98 oktan 13,36 kroner. Ein liter diesel kosta i gjennomsnitt 11,80
kroner.

Mindre jetdrivstoff

Det vart selt 57 millionar liter jetdrivstoff i april, ein reduksjon på
10,5 prosent samanlikna med april sist år. Salet av marine gassoljar enda
på 136 millionar liter, ein reduksjon på 11 millionar liter. Etter nokre
kalde månader med høgt sal av fyringsprodukt var det i april ein nedgang i
salet. Til saman vart det selt 30 millionar liter lette fyringsoljar, ein
reduksjon på 4 prosent samanlikna med april sist år.

Utkøyringsdagar

Det var 19 utkøyringsdagar i april 2010, det same som i april 2009.


http://www.ssb.no/petroleumsalg/

Emner

  • Undersøkelser, rapporter

Kontakter

Har du spørsmål om statistikk?

Pressekontakt