Pressemelding -

Skatterekneskapsstatistikk, januar-april 2010

Nedgang i skatteinnbetalingane

I perioden frå januar til april 2010 vart det til saman innbetalt 238
milliardar kroner i skatt. Dette er ein nedgang på over 12 prosent frå same
perioden i fjor. Reduksjonen kjem framfor alt fordi innbetalte oljeskattar
var 35 prosent lågare enn i første tertial 2009.

[Figur: Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-april
frå 2008 til 2009 og frå 2009 til 2010 ]

Frå upersonlege skattytarar utanom kontinentalsokkelen har det vore ein
nedgang på nesten 10 prosent, eller 4,8 milliardar kroner.

Frå personlege skattytarar har det hittil i år vore ein nedgang på 2,5
prosent - tilsvarande 3,8 milliardar kroner. Nedgangen i
skatteinnbetalingar frå personlege skattytarar i perioden januar-april er
vorten påverka av at fristen for å betala tilleggsforskot er endra, frå 30.
april tidlegare år, til 31. mai i år. I fjor var beløpet som vart innbetalt
som tilleggsforskot om lag 6,5 milliardar kroner høgare enn det er i år.
Det har altså vore ein auke på 2,7 milliardar i dei andre
skatteinnbetalingane frå personlege skattytarar hittil i år.

Totalt har det frå 1. tertial 2009 til 1. tertial 2010 vore ein moderat
nedgang på noko over 4 prosent i dei totale skatteinnbetalingane frårekna
kontinentalsokkelen. Ser ein bort frå endringa nemnt ovafor, er nedgangen
berre 1,1 prosent.

Mindre til folketrygda

Innbetalinga av arbeidsgjevaravgift er redusert med litt under ein halv
milliard frå 1. tertial i fjor. Andre innbetalingar til folketrygda gjekk
ned om lag dobbelt så mykje, over 800 millionar. Dermed vart det ein
reduksjon på over 1 milliard i innbetalingane til folketrygda i første
tertial.

42,3 milliardar til kommunane og fylka

Skatteinngang til primærkommunane utgjorde 35,4 milliardar dei fire første
månadene i år. Dette er ein nedgang på 1,3 prosent, eller ein halv
milliard, frå same perioden i 2009. Også skatteinngangen til fylka gjekk
ned. Beløpet vart redusert med omtrent 200 millionar kroner, eller noko
under 3 prosent, og skatteinnbetalinga til fylka var om lag 7 milliardar.


http://www.ssb.no/skatteregn/

Emner

  • Økonomi, finans

Kontakter

Har du spørsmål om statistikk?

Pressekontakt