Pressemelding -
Utdanningsstatistikk. Elevar i grunnskolen. Endelege tal. 1. oktober 2009
13 prosent har nynorsk som målform
Skoleåret 2009/10 hadde 13 prosent av alle elevane i grunnskolen nynorsk
som målform. I løpet av dei siste ti åra har delen elevar med nynorsk som
opplæringsmålform gått ned med 2 prosentpoeng.
81 200 elevar i grunnskolen hadde nynorsk som opplæringsmålform per 1.
oktober 2009. 88 prosent av desse elevane blei registrerte i dei fire
vestlandsfylka Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. I
to av fylka, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, var det fleire elevar med
nynorsk enn med bokmål. I Sogn og Fjordane hadde heile 97 prosent av
elevane nynorsk som opplæringsmålform. Vel 900 elevar hadde samisk som
opplæringsspråk, dei aller fleste i Finnmark.
Fleire får særskild norskopplæring
Hausten 2009 fekk 41 500, eller nærare 7 prosent, av elevane særskild
norskopplæring. Det er ein auke på 700 frå førre skoleår. Drygt 30 prosent
av elevane som fekk særskild norskopplæring, gjekk på skole i Oslo.
Talet elevar med morsmålsopplæring, tospråkleg opplæring eller tilrettelagt
opplæring har berre hatt ein liten auke det siste året og har vore stabilt
dei siste fire åra. 22 335, eller 3,6 prosent, av elevane fekk slik
opplæring per 1. oktober 2009.
http://www.ssb.no/utgrs/
Emner
- Skole