Gå videre til innhold
Ordførar i Fjord kommune, Eva Hove, og konsernsjef i TAFJORD, Erik Espeset, signerte i dag avtalen som vil gje alle innbyggjarane i kommunen tilgang til fiberbreiband innan mars 2022.
Ordførar i Fjord kommune, Eva Hove, og konsernsjef i TAFJORD, Erik Espeset, signerte i dag avtalen som vil gje alle innbyggjarane i kommunen tilgang til fiberbreiband innan mars 2022.

Pressemelding -

Fiberbreiband til alle i Fjord kommune

I dag signerte Fjord kommune og Tafjord Connect avtale om utbygging av fiberbreiband i dei områda i Eidsdal, Valldal, Dyrkorn og Stordal som så langt ikkje har hatt dette tilbodet. Med det vil alle innbyggjarar i kommunen få tilgang til fiberbreiband innan mars 2022.

Utbygginga omfattar fiberbreiband til 353 husstandar og bedrifter i kommunen. Samtidig vil det bli lagt til rette for at fritidsbustadar og dei største hyttefelta også kan knytte seg til fibernettet.

Bakgrunnen for at Fjord kommune no kan sette i gong med utbygging av fibernettet i desse områda, er at kommunen har fått tilsegn på såkalla NKOM-midlar. Dette er tilskot som vart sett av i statsbudsjettet for 2019, og som Fylkesmannen fekk i oppdrag å fordele som støtte til utbygging av breiband i område der ingen kommersielle aktørar finn det lønsamt med slik utbygging.

NKOM-midlane som Fjord kommune har fått no, dekker omlag 40% av utbyggingskostnadane. Kommunen er derfor også inne med betydelege beløp for å fullfinansiere resterande utbyggingar i Eidsdal, Norddal, Dyrkorn og Stordal.

Ordførar i Fjord kommune, Eva Hove, fortel at kommunen har hatt som mål å kunne tilby fiberbreiband til alle innbyggjarane. Men at dei skulle greie det i løpet av såpass kort tid, trudde ho ikkje var mogeleg.

- Dei siste åra har vi hatt som mål at vi skulle kunne tilby fiberbreiband til alle innbyggjarane våre. Dette fordi vi meiner at fiberbreiband i dagens samfunn er ein like viktig infrastruktur som straum og vatn. Skal vi få innbyggjarane til å bu og bruke heile kommunen, må vi tilby dette til alle. For bedriftene våre er også dette ein svært viktig infrastruktur, så det gleder meg at vi no skal kunne tilby fiber både til noverande og framtidige verksemder i kommunen vår. Vi er dessutan ei stor hyttekommune, og sjølv om deler av hytteområda våre har tilgang til trådlaust breiband i dag, har kommunen oppfatta at fleire av desse ynskjer at fibernettet skal førast fram slik at dei store hyttefelta våre også kan knytte seg til, seier Hove.

Etter anbodskonkurranse blei Tafjord Connect vald som leverandør av fibernettet. Med seg har dei OneCo som utførande entreprenør.

- Dette er ein stor dag. Vi var tidleg ute med utbygging av fiber i Tafjord i tidlegare Norddal kommune. Seinare har vi også bygd ut fiber i utvalde område både i Valldal og Stordal. Dette er område der vi har vurdert det å vere lønsamt å bygge ut. No gleder vi oss til å kunne få medverke til at alle som bur og driv næringsverksemder i kommunen skal få tilgang til kommunikasjonslinjer med lysets hastigheit. Dette er ei satsing for framtida - og god distriktspolitikk. Vi er oppriktig stolte over å få vere med på denne satsinga, seier konsernsjef i TAFJORD, Erik Espeset.

I mars 2021 startar fiberutbygginga på Dyrkorn. Dette prosjektet er planlagt ferdig innan sommaren same år. I Eidsdal og Valldal startar utbygginga etter planen i slutten av april 2021, medan innbyggjarane i Stordal kan forvente oppstart i mai. Målet er at alle desse prosjekta skal kunne ferdigstillast innan mars 2022.

For ytterlegare informasjon:
Eva Hove, ordførar i Fjord kommune – mobil 970 15 014
Erik Espeset, konsernsjef i TAFJORD – mobil 905 20 033 

Emner


TAFJORD er et konsern som driver sin virksomhet innen strøm, telekom, kraftnett, vannkraft og energigjenvinning. Vårt hovedkontor er i Ålesund og vi har om lag 150 ansatte.

Kontakter

Kari Løken

Kari Løken

Pressekontakt kommunikasjonssjef +47 97482642

Relatert innhold

Vi skaper liv i bygd og by!

TAFJORD er et konsern bestående av morselskapet Tafjord Kraft AS og datterselskapene Tafjord Kraftproduksjon AS, Tafjord Kraftvarme AS og Tafjord Connect AS. Vi er også største eier av Linja AS, ett av landets største nettselskap. Vårt hovedkontor er i Ålesund og vi har om lag 150 ansatte.

TAFJORD
Retiroveien 4
6019 Ålesund
Norge