Gå videre til innhold
Landskapet i Colca-dalen er prega av små vassanlegg i bratte skråningar. Her er landsbyen Lari med snødekte fjelltoppar i bakgrunnen.
Landskapet i Colca-dalen er prega av små vassanlegg i bratte skråningar. Her er landsbyen Lari med snødekte fjelltoppar i bakgrunnen.

Pressemelding -

Småbønder i Peru taper på klimaendringar og modernisering

Tiltak frå styresmaktene er dårleg tilpassa småbøndene i Andesfjella og urfolkets levemåtar vert sett under press. Det kjem fram i ein ny studuie av UiA-forskaren Astrid Bredholt Stensrud.

– Vassdragspolitikk, klimaendringar og modernisering av jordbruket i Colca-dalen i Peru har skapt storgardar ved kysten, men gått ut over småbønder og urfolkets levemåtar i dei bratte fjellsidene i Andesfjella, seier Astrid Bredholt Stensrud, førsteamanuensis ved Universitetet i Agder (UiA).

Ho er no ute med boka Watershed Politics and Climate Change in Peru, utgitt på det forlaget Pluto Press.

Boka er basert på hennar eige feltarbeid. Til saman har Stensrud vore 13 månadar i Colca-dalen i Andesfjella i Peru i perioden 2011-2014. Der har ho studert korleis småbønder frå lokalsamfunnet og ingeniørar frå statlege og private føretak har samarbeidd med einannan om utbygging, vedlikehald og bruk av vassanlegg.

Småbønder i Andesfjellene vert påverka av klimaendringar og stadige endringar i vasspolitikken staten innfører. Saman med statlege endringar, følgjer internasjonale utviklingsprosjekt og klimatilpassingar i regi av FN og Verdsbanken.

Tiltaka kjem ovanfrå og er ikkje tilpassa bøndene.

– Småbøndene som er mest sårbare frå før, vert meir sårbare med statlege og internasjonale endringar som kjem frå stat og internasjonale organisasjonar. Slik vert sosiale og økonomiske forskjellar forsterka, seier forskaren.

Les meir om studien her.

Kontaktperson: førsteamanuensis Astrid Bredholt Stensrud

Institutt for global utvikling og samfunnsplanlegging > , Universitetet i Agder

astrid.b.stensrud@uia.no

+47 38 14 14 48

+47 408 62 032

Emner

Kategorier

Regions


Universitetet i Agder er ett av Norges nyeste universiteter, men røttene spenner over mer enn 190 års historie. Vi skaper og tilgjengeliggjør kunnskap og bidrar til nyskaping gjennom tett samarbeid og kritisk refleksjon for fremtidens samfunn.

Kontakter

Atle Christianssen

Atle Christianssen

seniorrådgiver +47 911 61 119

Samskaping for fremtidens kunnskap

Universitetet i Agder er ett av Norges nyeste universiteter, men røttene spenner over mer enn 190 års historie. Vi skaper og tilgjengeliggjør kunnskap og bidrar til nyskaping gjennom tett samarbeid og kritisk refleksjon for fremtidens samfunn.