Gå videre til innhold
SKAAR - Higher Ground artwork
SKAAR - Higher Ground artwork

Pressemelding -

SKAAR løfter deg over bakken med debutsingel

Hilde Skaar aka SKAAR har det motsette av flyskrekk. Ho elskar å fly. Og debutsingelen «Higher Ground» er skriven i skyene. Langt, langt over bakken.

20-åringen verkar alltid sprudlande blid, sjølv om ho nesten er eksplosivt emosjonell. Hilde fortel om kjensler som er store og som svingar brått.
«Ikkje slik bipolare har det» forklarer ho «men meir som Vestlandsværet heime på Stord. Der kan ein gjerne oppleve alle fire årstider på ein dag.»

Og i desse svingningane oppstår friksjon som frigjer ein energi; inspirasjon og kreativitet. Og drivkraft.
Drivkrafta til å følgje draumar, som gjer utfordringar til motivasjon og som har lært henne at ho ikkje treng å være redd for litt uvær.

Verken metaforisk eller bokstavleg.

«Naturen i meg og naturen utanfor meg er kanskje litt like.» seier Hilde
«Og det er ingen stad der eg er nærare meg sjølv enn når eg er på familieplassen Skaaro. Der er det skog og strand, nærheit til kvarandre og til naturen. Og frå eg var liten har eg opplevd heilt unik friheit og tilhøyre der. Då eg skulle velge meg eit artistnavn gjekk eg for SKAAR, då det er essensen av alt eg er. Familienamn, familiestad og til og med ein liten musikalsk referanse. For når eg introduserer meg på engelsk kan ein tru at eg seier «score»; å skrive musikknotar.»

«Higher Ground» vart til var Hilde på veg til Stockholm for å jobbe med låtskrivarane og produsentane i MadFun.
Før avreise fekk ho vite at nokon var på jakt etter musikk til ein ny norsk spelefilm.
Ho fekk vite handlinga til filmen i korte trekk og ho fekk sjå eit klipp.

«Det var ei emosjonell scene, og eg kjende den så inderleg at eg fekk eit klart bilete av korleis eg ville at det skulle låte. Så på eit smekkfullt fly sat eg å kviskre-song inn på opptakaren på mobilen for ikkje å vekke sidemannen, og innan eg var framme hadde eg melodien og mesteparten av teksten klar.»

«Higher Ground», som allereie er lista på P3, kan ein høyre overalt frå og med 21. september – og scena som inspirerte det heile, kan du sjå i filmen «Battle» frå og med fredag 28. september.

Sjekk ut "Higher Ground" her.

Følg SKAAR på Facebook og  Instagram

Emner


Warner Music Norway - et Warner Music Group selskap. Vi gir ut musikk fra Atlantic Records, Warner Bros, Big Beat, Rhino, Parlophone, Fueled by Ramen, Elektra, Roadrunner Records, Because Music og mange flere.

Følg Warner Music Norway på FacebookInstagram og Twitter, og besøk vår hjemmeside her

Kontakter

Matea Grøvik

Matea Grøvik

Pressekontakt Project Manager + 47 478 65 722
Mona Olsen

Mona Olsen

Pressekontakt Senior Project Manager Domestic +47 95 82 54 20
Bjørn Reinfjell

Bjørn Reinfjell

Pressekontakt Marketing Director +47 91 76 20 24
Christian Svenningsen

Christian Svenningsen

Pressekontakt Project & Distribution Manager

Agnes Kristiansen

Pressekontakt Project Manager
Kaja Stensvik

Kaja Stensvik

Pressekontakt Nordic Marketing Coordinator International Rep 47611556

Kaja Stensvik

Pressekontakt International Marketign

Warner Music Norway - et Warner Music Group selskap

Warner Music Norway AS (WMN) er en del av Warner Music Group (WMG). WMN promoterer, markedsfører og distribuerer artister signert til WMG og deres underlabels (Atlantic, Warner Bros., Parlophone, Elektra, Asylum, BigBeat, Nonesuch, Roadrunner osv.) med artister som Bruno Mars, Ed Sheeran, Dua Lipa, Sia, Lil Uzi Vert, Jason Derulo, Muse, Galantis, Blur, David Guetta, Wiz Khalifa, Charlie Puth, Led Zeppelin, Robin Schulz, Coldplay, Charli XCX og Pink Floyd. I tillegg har WMN en stor norsk stall med bl.a. Donkeyboy, Julie Bergan, Emilie Adams, Susanne Sundfør, Chris Holsten, Madden, Mugisho, Chris Abolade, Kristian Kristensen og Fay Wildhagen.