Gå videre til innhold
Foto: Siren Høyland Sæter/Det Norske Teatret
Foto: Siren Høyland Sæter/Det Norske Teatret

Blogginnlegg -

- Det er skummelt når menneske jagar i flokk

Møt Pål Christian Eggen - aktuell som den mystiske Andreas Vest.

Eg skal spele Andreas Vest, nyinnflyttaren til ei øy der ei ung jente blir brutalt drepen. Han blir raskt peikt ut som drapsmann, og jakta av heile bygda, som tek loven i eiga hand. Det som gjer Tarjei Vesaas så genial, er skildringane av menneskesinnet. Korleis menneska tenkjer, og naturskildringane som er med på å underbygge kva dei føler. Replikkane er korthogde og presise.

Det er veldig interessant å spele menneske som kjemper mot sine indre drifter. Karakteren min er ein gåtefull type. Han er velkledd, pen å sjå til, men har eit rart blikk. Han har stemmer i hovudet etter ei oppleving i fortida som har gitt han traume han ikkje blir kvitt. Derfor har han flakka rundt ei stund og har kome til øya for å rømme frå tankane og finne ro. Men så ser han noko som gjer at det «klikkar». Han får noko kjølig og kalkulert over seg. Hjernen hans jobbar presist, han veit akkurat kva han skal gjere.

Og så møter han denne unge jenta. Ho er så rein, så uskuldig og oppteken av naturen, slik som han. Kanskje han ser eit håp i henne. Kanskje er det uskulda hennar som vekkjer vonde krefter i han som vil øydelegge henne. Men vi får aldri sjå drapet på jenta, så vi veit faktisk ikkje hundre prosent sikkert kven som har gjort det. Men vi kan vere ganske sikre. Men det verkelege svaret lar Vesaas forbli ei gåte. Det er mykje her i verda vi ikkje kan vite for sikkert, derfor er det alltid viktig å stille kritiske spørsmål!

Eg kan forstå familien til jenta og øybuarane. Dei opplever eit blindt raseri, nokon har drept ei ung jente, ei dotter. Ingen som stopper opp og spør kva dei held på med, om dei jagar rett mann, kva har dei eigentleg tenkt til å gjere med han. Det er veldig skummelt når menneske jagar i flokk, når påståtte sanningar får stå uimotsagt. Men det er nok noko som ligg i oss menneske, denne flokkmentaliteten. Det skjer igjen og igjen: Under 2. verdskrigen, i Rwanda, Ukraia, i Bosnia… det skjer også i dag. Vesaas gir oss ingen svar. Det er opp til oss å spørje oss sjølve og finne ut av korleis vi kan endre oss.


FORTALT TIL Åsne H. Dahl Torp

Emner

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Relatert innhold

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge