Skip to main content

EIVIN NILSEN SALTHE: NÅR EG SPELAR TEATER, SÅ BERRE GØNNAR EG PÅ.

Blogginnlegg   •   jan 01, 2016 09:37 CET

Møt Eivin Nilsen Salthe - aktuell som den småkriminelle Franz Merkel.

Folk oppfattar meg nok som ein som har eit ganske stort uttrykk. Eg er ofte veldig dårleg på prøvene. Det må liksom til for å komme dit eg skal. Men eg har lova meg sjølv at eg ikkje skal vere redd for å drite meg ut. Teater brenn liksom for meg, intenst, det er «larger than life». Det er ein representasjon av ekte liv, men det er i det heile ikkje ekte! Eg har sett mykje teater i Berlin og blitt sterkt inspirert av det. Og så er eg ein sucker for detaljar. Eg plagar alltid verkstadene veldig med kostymedetaljar for eksempel, ringar i øyra og slikt.

Eivin som Franz Merkel på første kostyme og maskeprøve. Foto: Ylva Catodotter Fyllingsnes.

Eg blei kalt klovn av den russiske teaterlæraren på Teaterhøgskolen. Morosam, men med dramatisk djupleik. Eg likar best å spele dei som prøver å bli akseptert og passe inn, men ofte oppfører seg klossete, noko som gjer at dei hamnar på utsida. Karakterar ein får lyst til å anten riste eller klemme. Eg leitar alltid etter ein sår kjerne i karakterane mine. I det såre ligg også det komiske. Franz Merkl i Kasimir og Karoline er nok eigentleg trist, men gjer alt han kan for ikkje å vere det. Han prøver å drive ein bisniss, litt på sida av loven. Kvar kveld skal eg kjempe beinhardt for at Kasimir skal bli min kompanjong. Karakterane mine skal alltid ha eit prosjekt, og det kan ofte vere eit ganske enkelt mål. Eg lykkast best når eg får spele dei som er litt misforståtte, men som også kjempar for noko. Engasjement er den vakraste menneskelege eigenskapen eg veit.

Eivin som Loke i Edda-framsyninga til Robert Wilson i 2017. Foto: Lesley Leslie-Spinks.

Eg kom inn på Teaterhøgskolen som 20-åring og var yngst i klassen. Etter skolen var eg lei meg sjølv og måtte gjere noko heilt anna. Eg reiste, jobba i psykiatrien, som lærar i Tanzania – og til slutt studerte eg PR og kommunikasjonsleiing på BI og enda opp med jobb i shipping. Det gav meg innsyn i finansverda, eit veldig spennande miljø med høgt tempo. Dynamikken i næringslivet har noko ved seg som eg likar. Det er greitt å sjå ei moglegheit for å tene pengar og gripe ho. Det er nok litt slik Franz Merkl er også, men han er jo kriminell. Eg ser for meg at han kanskje har drive eit litt snuskete vaskeri på Lillestrøm, no prøver han seg som doplangar. Han har inga utdanning, men gjer ting på sin måte.

Fortalt til Åsne H. Dahl Torp. FOTO Ylva Catosotter Fyllingsnes

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar