Gå videre til innhold
ETIENNE PLUSS: INSPIRASJONEN HAR EG HENTA FRÅ WIENS GAMLE TIVOLIOMRÅDE

Blogginnlegg -

ETIENNE PLUSS: INSPIRASJONEN HAR EG HENTA FRÅ WIENS GAMLE TIVOLIOMRÅDE

Møt scenograf for Kasimir og Karoline - Etienne Pluss.

Inspirasjonen til scenografien på Kasimir og Karoline har eg henta frå Wiens gamle tivoliområde Prater. Det har røter tilbake til 1800-talet, og i generasjonar har familiar funne glede i denne parken som både er sjarmerande, billig og ganske melankolsk. Noko er modernisert, men det er også mykje som er som det alltid har vore. Her kan du køyre same karusellen som foreldra og besteforeldra dine har gjort før deg. Det er både glorete og nostalgisk på ein og same tid. I familien min har vi eit bilde av meg som barn framfor nokre spesielle statuar, og det same har vi av mor mi og av dotter mi.

Horvaths klassikar om det unge kjærasteparet Kasimir og Karoline utspeler seg på ein folkefest. Eg har valt å spenne eit telt over heile scenen. Det er noko provisorisk over denne festen, som eit vegkryss av livshistorier. Folk finn saman på festen, men dei vil aldri møtast igjen. Det er ein møteplass for heile samfunnet, og dei veit ikkje kva som ventar eller kva som vil skje. Det er i konstant rørsle. Eg har ingen regel for korleis eg nærmar meg eit stykke; målet mitt er å opne dørene til publikums fantasi.

I det tyskspråklege Europa er denne teksten velkjend. Horvath er ein intelligent forfattar som gir oss ein tekst med mange ulike nivå. Kasimir og Karoline er symbol for ein ung generasjon som må orientere seg i livet. Initialane deira er dei same som det gamle austerrisk-ungarske kongedømmet (K.u.K. = kaiserlich und königlich, dvs. keisarleg og kongeleg, red. anm.). Det ligg i korta at dei ikkje vil halde saman.

Dette er sjette produksjonen eg gjer av Horvath, det er berre Brecht som kan måle seg i mengd av oppsetjingar. Han er for den tyskspråklege dramatikken det Ibsen er for den skandinaviske, vil eg seie.

FORTALT TIL Ida Michaelsen FOTO Ylva Catodotter Fyllingsnes

Emner

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Relatert innhold

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge