Gå videre til innhold
Gjertrud Jynge speler Volva i Robert Silsons nye oppsetjing Edda. Ho var også med i 2005, da han sette opp Peer Gynt. Foto: Inga Aleknaviciute.
Gjertrud Jynge speler Volva i Robert Silsons nye oppsetjing Edda. Ho var også med i 2005, da han sette opp Peer Gynt. Foto: Inga Aleknaviciute.

Blogginnlegg -

Han bad meg lese teksten som ein åtte månader gamal baby

Gjertrud Jynge om sitt første møte med Robert Wilson.

– Første gongen eg møtte Robert Wilson, bad han meg lese eit tekstutdrag frå Peer Gynt. Først skulle eg lese som ein tenåring, så som ein fireåring og til slutt som ein atten månader gamal baby. Eg hadde nummerlapp på brystet, det var audition til Peer Gynt i Jon Fosse si gjendikting og vi var i ein av prøvesalane på Det Norske Teatret. Året var 2004. Til slutt ville han sjå meg som Marilyn Monroe syngjande Happy Birthday to you, Mr President, med eine handa på hofta. Bak langbordet i salen sat Bob med mikrofon og lytta og såg. Djupt konsentrert. Til stades. Eg kjende meg sjeldan så sett.

wilson-instruerer

Robert Wilson gir Gjertrud Jynge regi i rolla som Pennen i Galehuset, som ei Marlene Dietrich i oransje fjørkappe, med korsett og ein diger kniv. Peer Gynt, 2005. Foto: Lesley Leslie-Spinks.

Eg fekk rolla som Den grønkledde i tillegg til nokre av dei andre karakterane i Peer Gynt. Mykje av arbeidet var å sjå på Bob. Sjå denne vakre, store, lette mannen trylle fram karakterar. Det bur uendeleg mange kroppar inne i den store texanaren. Troll, småungar, rasande gamle gubbar, poetiske elskande, sexy manneetarar. Han har uendelege variasjonar av fysiske uttrykk for kjensler, alder og tyngde.

I Prøvesalen nede i kjellaren blei golvet teikna opp i rutemønster. Så måtte vi skodespelarane opp på golvet og prøve å gjenskapa rørslene til Bob. Han gjekk opp alle rørslene først, viste oss korleis det skulle gjerast. Nokre gonger kunne vi få instruksjonar av Bob gjennom mikrofonen, som i eit sjakkspel frå rute til rute på golvet – og vips hadde han laga ein spiraldans av møtet mellom Gen grønkledde og Peer.

– Silence! Absolute silence! Wilson var nådelaus og kravde full konsentrasjon og stille.

Teksten la vi på til slutt. Vi arbeidde ikkje med psykologi eller analyse. Det var rørsler i rommet. I tid. I stille. Så falt teksten på plass av seg sjølv til slutt. Heilt magisk. Vi hadde knapt rørt ved teksten og allikevel stod den krystallklart fram. Teksten blei tolka av rørslene i rommet, av kroppane våre, av koreografien til Bob.

Det var heilt spesielt å få spele karakterane han hadde skapt for oss; rasande, spyttande, bannande, krokete gammal sunnmørsk kjerring med burka på veg til bryllaup, med ei høg, tynn flirande jentunge i armkroken. Dansande bryllaupsgjest. Den Grønkledde med lange neglar, tunge augelokk og slangetunge. Pennen i Galehuset, som ei Marlene Dietrich i oransje fjørkappe, med korsett og ein diger kniv. Det var så moro!

Gjertrud Jynge som Den grønkledde i Peer Gynt, Hovudscenen på Det Norske Teatret, februar 2005. Foto: Lesley Leslie-Spinks.

Gjertrud Jynge som Den grønkledde i Peer Gynt, Hovudscenen Det Norske Teatret, februar 2005. Foto: Lesley Leslie-Spinks.

Eg kjem aldri til å gløyme Harald Heide Steen i rolla som Dovregubben. Sonen min, som var fem år gamal den gongen, sat hypnotisert i salen på alle laurdagsprøvene, 4 timar kvar veke. Favoritten var Dovregubben. No i sommar var eg på Berlinerensemble med begge ungane mine. Sonen min som no er blitt 16 år gamal og dottera mi på ni år såg Faust I og II i regi av Wilson, fire timar på tysk. Dei var begge to heilt oppslukte av rørslene, fargane, lyset ,leiken og musikken oppe på scenen.

Og no skal vi spele Edda i Jon Fosses gjendikting. Vi har vore gjennom Stage A i april. Dette er første delen av arbeidet der Bob legg koreografi og prøver ut dei scenografiske løysingane. Bob som no er 75 år, og like lett i kroppen, har leika fram uendelege troll og gudar for oss. Vi har rutemønster på golvet igjen og videoopptak av rørslene våre i tid og rom. Eg er Volva, ei spådomskvinne. Eg veit mykje om rørslene mine og lite om teksten så langt. Men eg veit at det blir visuelt, leikent, musikalsk og poetisk. Det blir ei framsyning med mange overraskingar.

Emner

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Relatert innhold

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge