Skip to main content

Haruki Murakamis bok blir teater

Blogginnlegg   •   jan 01, 2016 15:08 CET

Både hos Murakami og i teatret møtest menneske som skip i natta, skriv NRKs litteraturkritikar Knut Hoem.

Tru det eller ei, men jamvel Kafka har faktisk vore på stranda. Sommaren 1923 lar han seg lokke med av ei av systrene til eit sjøbad ved Østersjøen. Eitt av måla med reisa var å bli kvitt tuberkulosen, som han hadde fått konstatert seks år før. Sjukdommen blir han ikkje kvitt, men han får ein ny kjæraste med det utrulege namnet Dora Diamant.

Men kva gjer så Kafka hos Murakami? Hovudpersonen i Kafka på stranda heiter Kafka. Til fornamn. Tamura til etternamn. Han er femten og på flukt frå ein kattehatande og sadistisk far, og på leit etter mor og syster som forsvann ut av livet hans då han var fire. Det vanskelege forholdet til faren har Kafka i boka felles med forfattaren Kafka. Andre likskapar? Begge er tynne, sterke, og opptekne av kosthald. Kafka dreiv med gymnastiske øvingar på rommet i Praha. Murakamis Kafka løfter vekter i treningsstudioet.

GØYMER SEG I BIBLIOTEKET

Boka opnar med at Kafka Tamura reiser med ein ekspressbuss sørover frå Tokyo til øya Shikoku lenger sør. Der søkjer han tilflukt i Dei komuraske samlingane – eit privatbibliotek eigd av ein styrtrik japansk familie. Frå morgon til kveld sit han der og les. Bibliotek er som kjent eitt av dei få offentlege romma der femtenåringar kan opphalde seg over tid utan å folk byrjar å lure på kva dei gjer der.

Historia om den unge Kafka er ei av tre historier vi følgjer i boka. I den andre møter vi den aldrande mannen Nakata. Han er ikkje så kjapp i hovudet, men kan, i motsetnad til dei fleste av oss, snakke med kattar. Nakata var skarp som barn, men vart aldri seg sjølv etter ei hending som i ettertid er blitt kalla ”hendinga på risbollehøgda”.

GUFSET FRÅ ATOMBOMBA

Det handlar om ei gruppe med skuleborn, som plutseleg svimar av – kollektivt – i 1944. Dei militære rapportane, som vart skrivne av den amerikanske tryggingstenesta etter at krigen var slutt, er den tredje av historiene i boka. Når eg les desse – fiktive – rapportane no, kjenner eg gufset frå atombombene over Hiroshima og Nagasaki. Dette gufset kjennest sikkert sterkare når vi nyleg har høyrt vitnemåla til Setsuko Thurlow, då ho tok i mot Nobels fredspris på vegner av organisasjonen IKAN i fjor haust.

HALV SKUGGE

Då eg las boka første gong, interesserte eg meg klart mest for denne femtenåringen på rømmen i det sørlege Japan. Forteljingar om unge menneske som jaktar på livsmeining finn du mange av hos Murakami. Kva er eigentleg meininga med denne livsferda? Kven er eg? Korleis blei eg meg sjølv, og ikkje ein slik som berre kastar halv skugge, som Saeki og Nakata i boka? I jakta på svar møter vår helt ei rekke menneske, og det er i desse møta at det vi kan kalle dei teatrale augeblikka i denne forfattarskapen oppstår. Vi har alle tvillingsjeler der ute, og vi møter dei når vi minst ventar det. Kanskje er han ei tvillingsjel, han som sit ved sidan av deg i salen nå?

SAMTALAR PÅ INNSIDA AV RUTA

Sjå for deg Edward Hoppers vidgjetne maleri Nighthawks. Sjå oår deg at du høyrer gjennom ruta kva paret på innsida av dineren snakkar om. Du går så umerkeleg inn døra, og slår deg ned. Du tenkjer at dei knapt legg merke til deg, der du sit og lyttar intenst til kvart ord som blir sagt. Omtrent slik er det å tre inn i ein roman av Murakami. Slik er det kanskje også å gå i teatret? Du sit og lyttar og forsøker å finne samanhengen i det som blir sagt. Slik så mange har forsøkt før deg.

FINST EIN SAMANHENG?

Dei tre historiene i Kafka på stranda heng saman på eit vis. Men korleis? Då boka kom ut i Japan i 2002, svarte Murakami på over 1200 spørsmål frå lesarar som lurte på kva som var meininga med det heile. Det finst sjølvsagt meining i boka, som i livet elles. Men for meg har lesinga av bøkene til denne vesle joggande japanaren alltid handla mest om å vere tilstade i teksten med personane der og då. Vi er skapte til å leite etter meining, er det som bøkene seier, men eg trur både Kafka og Murakami vil vere samde i at det ikkje fører nokon stad å prøve for hardt.

TEKST Knut Hoem FOTO Pernille Marie Walvik

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar