Gå videre til innhold
Kvardagsdrama

Blogginnlegg -

Kvardagsdrama

- Det må mange sanne historier til for å skape ein endeleg fiksjon, seier kunstnarduoen som i vår skal reise eit stillas på Hovudscenen. Fire meter over scenegolvet skal publikum få kikke ned på skolegarden. Ein stad vi alle trur vi kjenner.

TEKST Ida Michaelsen FOTO Una Line Ree Hunderi

I 11 ÅR handlar det om kvardagen; dei dagane det er flest av. Vi er i skolegarden, men ved hjelp av øyretelefonar kan publikum samstundes følgje dialogen i eitt av klasseromma på skolen.

TVINGA SEG FRAM

– Har barna våre det bra? Og er dei snille mot dei andre? Spørsmål som alle foreldre stiller seg er utgangspunkt for framsyninga 11 ÅR som pressa seg fram hos Toril Goksøyr og Camilla Martens under arbeidet med eit anna prosjekt. Til slutt la dei bort arbeidet dei satt med og gjekk i gang med ei større undersøking rundt kvardagen til barn som står midt i den brytningstida 11-årsalderen representerer.

«It would be nice to do something political». Venezia – biennalen, den nordiske pavilliongen, 2007. Foto: Stefano Campus.

Goksøyr og Martens har gjennom snart to tiår markert seg som viktige teaterfornyarar i det norske scenekunstmiljøet. Stillferdige og tenksame har dei bevisst brukt og utnytta potensialet frå fleire kunstformer. Sjølv om dei hadde bakgrunn frå teateret, lova dei kvarandre da dei gjekk på Kunstakademiet at dei ikkje skulle produsere teaterframsyningar. Det heldt ikkje lenge. I studietida kontakta dei like godt teatersjefen på Nationaltheatret og debuten endra retninga på det kunstnarlege prosjektet deira for alltid.

«Biografi», 2002, Nationaltheatret. Foto: Are Carlsen.

DOKUMENTARTEATER

– Den første produksjonen vår på Nationaltheatret var Biografi med Monna Tandberg og Jon Øigarden. Han spelte student hos den eldre læraren og skulle mellom anna sitere frå Hamlets monolog. Den vi alle kjenner så godt. Det var eit slags forsøk på å utforske korleis ein kan gjere seg sjølv udødeleg. Lars Vikdal som var del av prosjektet hadde gjennom sine 48 år ved teateret stort sett berre gjort statistroller. Han skulle fortelje om korleis han hadde opplevd dette og undervegs i prosjektet tredde historia hans fram som mykje meir relevant enn alt anna. Der og da fekk vi stadfesta verdien av det dokumentariske, seier Camilla.

«Hva må gjøres?», Galleri UKS, 1998. I samarbeid med filmfolk og asylsøkarar frå Kosovo. Goksøyr og Martens var sjølve med som TV-reportarar. Foto: Are Carlsen.

Det er nesten blitt signaturen til det vesle kunstnarkollektivet; vekselbruken av kunst, verkelegheit og teater. Og heile vegen har dei utfordra vinkelen som publikum får. Dei har bevisst tatt med seg gallerierfaringa inn i teaterrommet. Ved hjelp av snedige, i dag kanskje meir opplagde, brot med konvensjonen har dei utforska dei store drama i vanlege folks liv. Dei som går føre seg på foreldremøta, i omsorgsbustaden til gamle foreldre eller i parken.

Kva veit vi eigentleg om livet vårt. Om livet til dei vi treffer i dei nære relasjonane?

Oppsetjingane til Goksøyr og Martens er baserte på grundige undersøkingar av menneske og miljø og kastar med sine nærstudium lys over både samfunnsproblem og mellommenneskelege relasjonar, og koplar ofte det djupt private med eit større bilde på samtida. Gjennom denne forma belyser dei utfordringane moderne menneske møter på ein tankevekkande og modig måte.

AVTRYKK FRÅ EIGNE LIV

– I all hovudsak forblir arbeidet vårt ei undersøking av eige liv. Dersom vi kan komme i nærmare sanninga om kvardagen vår, om livet vi lever, så har det langt større verdi for oss, enn oppskrifta på korleis vi burde leve livet vårt, seier dei.

«OMSorg», Nationaltheatret, 2014, var den første framsyninga der Goksøyr&Martens nytta stillas for publikum til å sjå framsyninga i fugleperspektiv. Foto: Gisle Bjørneby.

– Vi veit korleis det er å ha barn på 11 år. Utan den erfaringa hadde vi aldri laga denne produksjonen. Men samstundes er det viktig å understreke at dette ikkje handlar om våre barn, eller andre sine barn for den saks skyld. Det er ei historie som er skriven på bakgrunn av ei grundig undersøking. Vi har snakka med psykologar, med foreldre og med lærarar, og vi har lese mykje om temaet. Dette har ført oss vidare, vi har knytt nye kontaktar, og ut av dette nøstet har vi vove saman ei forteljing som går føre seg på skolen. Det er på ein måte veldig konkret og realistisk, men vi insisterer på å oppheve det sanne i den. Det er fiksjon som mange nok vil kjenne seg igjen i, ettersom vi alle har vore innom denne plassen.

Toril Goksøyr og Camilla Martens hentar inspirasjon frå erfaringar i sine eigne liv til framsyningane sine. Foto: Siren Høyland Sæter.

NYTTIG FEILPLASSERING

Samanblandinga av bildekunsten, teateret og den særskilde forskyvinga perspektiv, som kjenneteiknar duoens arbeid, har også ført til nye måtar å presentere teaterframsyningar på.

– Vi pleier å understreke at det har alltid vore ein stor fordel å vere feilplassert, anten det er som skodespelar i bildekunstfeltet, eller som bildekunstnar i teateret.

Bakgrunnen frå bildekunsten gjer at vi alltid har kopla bildeflata med scenerommet. Og i staden for å vise scenebilde i rekkefølgje, om du vil, slik ein normalt gjer i teateret, har vi vendt blikket i ei anna retning og ved hjelp av ukonvensjonell plassering av publikum, i dei siste produksjonane ved hjelp av høge stillas, vil publikum sjå prosjekta våre i fugleperspektiv og flata dei observerer liknar den frå bildekunsten. Dette er ein strategi vi bevisst har tatt med oss inn i teaterarbeidet vårt.

«FRI», produsert av Nationaltheatret, 2016, spelt på Akershus festning tok også i bruk stillas og høyreklokkar slik at skodespelarane kunne snakke i vanleg toneleie, og regissørane kunne styre kva for samtalar publikum fekk høyre til ei kvar tid. Foto: Kim Hiorthøy.

Koplinga mellom det stadspesifikke og det romlege har ført til framsyningar som OMsorg, Fri og no 11 ÅR, der stillasa og fugleperspektivet har danna ramma rundt opplevinga. Kjensla av å vere i teateret blir utfordra. Publikum får ein slags kikkarplass der dei kan observere daglegdagse hendingar som likevel er styrt frå regipulten. Dialogen, spelet, samhandlinga mellom karakterane og det tilsynelatande normale i alt som skjer, forstørrar livet sjølv. Og plasseringa langt over bakken, gjer at det er umogleg å bryte inn.

– Det er ikkje til å kome unna at dette prosjektet også er eit resultat av frykt. Det er frykta for at det verste kan skje med barna våre som tvinga fram dette arbeidet. Frykta var ein føresetnad, kan du seie, avsluttar dei to.

Så kanskje er ikkje det dokumentariske utgangspunktet for 11 ÅR så vanskeleg å spore.

Emner

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Relatert innhold

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge