Gå videre til innhold
Foto: Lars Eivind Bones/Dagbladet
Foto: Lars Eivind Bones/Dagbladet

Blogginnlegg -

Morten Strand: NASHORNET IBLANT OSS

Det begynte for alvor 22. januar i år. I samtaler mann og kvinne imellom så var svaret på dei fleste spørsmåla det same.

TEKST Morten Strand TIL NYNORSK VED Arne Torp 

– Nashornet, blei det mumla, ledd, gråte, og rista på hovudet.

Han var svaret på det mange av oss undra oss over, jamvel om svara han – Nashornet – gav, for det meste var gale, etter både vitskap og logikk. For USAs 45. president var elefanten i glashuset som knuste alt rundt seg. Han var nashornet i landsbyen som valsa over alt og alle. Han utfordra moralen med løgnene sine, kulturen med kunnskapsløysa si, konvensjonane med dei bisarre tweetane sine. Han viste seg å vere ein mobbar som ikkje gjekk av vegen for å oppmode stormtroppane sine til å ty til vald. Han var praktisk tala eit nashorn, slik Eugene Ionesco skapte det for litt meir enn 50 år sidan. Og han er i fri dressur.Som hovudpersonen i Ionescos stykke, Berenger, seier det etter at det første nashornet er observert i landsbyen:

– Eit nashorn i fri dressur er ikkje bra.
– Ikkje i det heile, svarer, Jean, Berengers kjenning.
– Absolutt ikkje. Det er galskap!

Slik oppsummerer Berenger situasjonen. Som galskap. Og så er det nettopp galskapen som vinn. Alle blir til nashorn i Berengers landsby, også Jean. Det er berre fylliken Berenger som held stand og ser gjennom galskapen. Det absurde blir verkeleg i Ionescos absurde teater. Og det var sjølvsagt verkelegheita Ionesco ville beskrive med dei absurde overdrivingane sine. For det som skjer i Nashornet, er ikkje så ulikt det som skjedde 22. januar i år, da USAs 45. president blei innsett i sitt høge embete. Hans første embetsgjerning var, som vi hugsar, å ljuge om kor mange som var frammøtte på innsettingsseremonien. For deretter å påstå at det var alle andre som laug.

Det var ei handling med nashornske kvalitetar. Det offentlege rommet blei grundig forsøpla. Og sidan har det som kjent ikkje blitt betre. Heller tvert imot.

Forsøpling av det offentlege rommet, av samtalene og omgangsformene i det offentlege rommet, er utan tvil eit tema for Eugene Ionesco i stykket Nashornet. Stykket har sin kontekst, og den er fascismen, nazismen og kommunismen i Europa i det førre hundreåret. Det var ei tid då verdiane gjekk i oppløysing og menneska hamna i omstende dei ikkje forstod. Dei forstod i alle fall ikkje konsekvensane av det. Slik oppstod fascismen, nazismen og stalinismen, den siste som ei forkvakla utgåve av sosialismen.

Les også: – Det er ikkje nødvendigvis slik at alt som kjem frå levra er sant seier Per Scaanning.

I eit intervju i 1970 forklarer Ionesco «nashorniseringa» av studentmiljøet i den rumenske hovudstaden Bucureşti på slutten av 1920-talet. Romania skulle ti år seinare bli eit fascistisk diktatur der antisemittisme var utbreidd, mens Ionesco sjølv var student i byen. Han skildrar vener som i ei bisetning kunne seie noko negativt om jødar. Så gir vi ordet til Ionesco:

Og den kommentaren var eit symptom. Tre veker seinare ville den personen bli nazist. Han var fanga i ein mekanisme, han aksepterte alt, han blei eit nashorn. Mot slutten var det berre tre eller fire av oss som motsette oss det.

Ionesco blei ein skarp, men rådvill observatør av det absurde, som jo var midt iblant menneska. Forfattaren blei som ung mann i heimlandet Romania, ein Berenger. Berenger er ein figur som går igjen i Ionescos forfattarskap.

Sentralt i Nashornet er debatten om nashornet har eitt eller to horn. Om nashorna som dukkar opp i Berengers landsby stammar frå Afrika eller Asia. Er det afrikanske nashorn som har eitt horn, eller er det asiatiske? Om dette går debatten friskt ved Berengers kafébord. Det er sjølvsagt rasismen han skildrar i denne samtalen. Problemstillinga er – som Ionesco viser oss – absurd.

Per Schaanning skal spele Berengér, den einast som ikkje blir til eit nashorn i Ionescos Nashornet. Foto: Fredrik Arff.

I 1938 – same år som fascistane i Jerngarden tek makta i Romania – flyttar den rumensk-franske Ionesco til Frankrike, der han lever til han døydde i 1994. Etter krigen observerer antifascisten og antikommunisten Ionesco korleis franske kommunistar bortforklarer og orsakar brotsverka til Stalin i Sovjetunionen og i hemlande Romania. Denne apologetiske haldninga ser vi også hos rollefiguren Dudard i Nashornet.

– Dudard er Sartre, har Ionesco sagt. Jean-Paul Sartre var Frankrikes mest kjende intellektuelle på 1950-talet, som forsvarte og bagatelliserte stalinismens ugjerningar som nødvendige for å byggje eit betre samfunn. Ionesco forakta tøvet og gjorde narr av det, mellom anna i Nashornet.

Men Nashornet er enno blant oss. I eit intervju seier Ionesco:

– Du oppdaga ein sjukdom i det 20. hundreåret, som kan bli oppkalla etter det vidgjetne skodespelet mitt, Nashornet, nashornisme.

– For ei avgrensa tid kan ein seie at mennesket får nashornkarakter på grunn av dumskap eller vondskap. Men det finst menneske – ærlege og intelligente – som av og til kan få ein overraskande snev av denne sjukdommen, jamvel dei kjære og nære kan lide. Det skjedde med mine venner. Det var derfor eg drog frå Romania.

Ein dyster diagnose for vår tid. Skal tru kva Ionesco ville sagt om USAs 45. president?

Morten Strand er utanriksjournalist og kommentator i Dagbladet.

Emner

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Relatert innhold

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge