Gå videre til innhold
Frode Winther var også med da Robert Wilson var i Noreg sist gong. Foto: Siren Høyland Sæter.
Frode Winther var også med da Robert Wilson var i Noreg sist gong. Foto: Siren Høyland Sæter.

Blogginnlegg -

Robert Wilson sa ein gong at han berre kunne jobbe ut ifrå stille.

Frode Winther skal spele Tor med Hammaren i Edda.

Det er ei heilt spesiell stemning på prøvene, nesten meditativ. Når han kjem inn i prøvesalen, blir alle heilt tause medan han går og set seg, kippar av seg mokasinane og sit heilt roleg. Lenge. Gjerne i fleire minutt, før han seier «Good morning». Dette skaper ei konsentrert stemning som speglar seg i det vi lagar på scenen, som er eit heilt eigenarta, estetisk og visuelt uttrykk.

Men dei gamle æsenes livsstil er tilsynelatande ikkje så gudeleg og vakker. Dei likar å fråtse, ta seg ein fest og leve livet. Vikingstil. Dei gamle norrøne gudane i Edda lever i ei ganske speisa verd. Det er litt sånn drikke, pule, slåst. Dei er på ingen måte nokre dydsmønster eller opphøgde førebilde. Og Tor? Haha. Han er ein gud som veivar rundt med ein hammar.

Tor-med-hammaren-fraa-prover-paa-Edda

Frode Winther med ein papir-hammar frå Stage A-prøvene i april 2016. Foto: Inga Aleknaviciute.

Hammaren Mjolne, eller Mjølner, er som ei forlenging av han sjølv, som han er heilt avhengig av. Derfor går det heilt i svart for han når hammaren blir stolen. Han er ein levemann, machomann – og familiemann. Det er jo den moderne mannen det; både mjuk og macho. Han er «hot-headed», impulsiv, likar å få viljen sin og turar fram utan å tenkje på konsekvensane. Han er menneskeleg, og er nok ikkje den skarpaste kniven i skuffa.

Arbeidsfilosofien til Wilson er «la publikum komme til deg». Vi jobbar mykje med energiar og konsentrasjon. Dersom du som aktør på scenen har konsentrasjon og energi i det du gjer, vil publikums merksemd bli trekt mot deg. Han set først opp eit strengt rørslemønster og er pertentleg oppteken av korleis vi ter oss, kroppshaldning og slike ting. Paradoksalt nok gir han oss mykje fridom til å fylle inn etter at dei ytre rammene er lagde. Han jobbar også mykje med kontrastar og å bryte forventningane våre. På prøvane til no har Tor hatt ei litt lys og kvinkande stemme og rører seg litt sånn lett på fot med ein papphammar som Mjolne. Vi har ledd ein del, for å seie det slik! Men det er nok litt slik han er. Verkar veldig macho, og så er han ikkje så tøff likevel.

Fortalt til Åsne Dahl Torp

Related links

Emner

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Relatert innhold

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge