This web page requires JavaScript to be enabled.

JavaScript is an object-oriented computer programming language commonly used to create interactive effects within web browsers.

How to enable JavaScript?

Foto: Marcel Lelienhöf.
Foto: Marcel Lelienhöf.

Nyhet -

Avlyser framsyningar i to veker

Det Norske Teatret ser seg nøydd til å avlyse alle framsyningane som er planlagde i to veker framover (til og med onsdag 25. mars).

Den alvorlege situasjonen Noreg er i, med aukande spreiing av koronasmitte, gjer det usikkert om vi kan avvikle framsyningar i dei næraste vekene. Det Norske Teatret er dessutan ein sentral samlingsstad i hovudstaden, og som ei samfunnsansvarleg og dels offentleg finansiert verksemd kjenner vi på ei plikt til å gjere vårt for å bidra til at situasjonen kjem under kontroll og at liv og helse blir spart. Det Norske Teatret ser seg nøydd til å avlyse alle framsyningane som er planlagde i to veker framover.

Vi viser elles til Det Norske Teatrets eigne nettsider for meir informasjon til publikum.

Emner

Tags



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Pressekontakt