Gå videre til innhold
Kjersti Dalseide er ein av skodespelarane som er med i teaterframsyninga med Bjellas musikk. Foto: Fredrik Arff.
Kjersti Dalseide er ein av skodespelarane som er med i teaterframsyninga med Bjellas musikk. Foto: Fredrik Arff.

Nyhet -

Bjella med ny plate og teaterframsyning

Stein Torleif Bjella er dobbelt aktuell: I dag lanserer han sitt nye album, 14. januar er det urpremiere på teaterstykket Kan nokon gripe inn med hans musikk og songtekstar på Det Norske Teatret.

I dag lanserer Stein Torleif Bjella sitt nye album Gode år, som allereie har fått terningkast 6 i Dagbladet, som meinte at "tekstene han er fortsatt i en særklasse". På nyåret blir det premiere på det første teaterstykket med musikk av den anerkjende visesongaren, når Lasse Kolsrud set i scene Kan nokon gripe inn, med musikk og songtekstar av Bjella.

Om heilt vanlege folk

Kolsrud har skrive eit manus basert på karakterar frå Bjellas vide univers. Vi møter bandet med den mystiske frontfiguren som er på veg ut i verda. Kanskje skal dei berre på spelejobb to stasjonar unna? Den unge gravide jenta, med barnevogn på slep, som ein gong var den mest populære. No ventar ho på han som sannsynlegvis er far til barnet i magen. Optimisten er han som stadig går laus på nye håplause prosjekt. No er det erobringa av den gravide jenta som står for tur. Pusling har i godt vaksen alder blitt flytta frå mor. No søker han kontakt. Han ber på ein termos med to koppar. Ekteparet Sorgfrid og Hemnaren kjempar på kvar sin kant med sorga over eit barn dei mista. Han er fly forbanna, ho er på veg bort. Frå han, frå alt?

Teater med musikk

Lasse Kolsrud har skrive manus og har regi på framsyninga. Han hartidlegare, med stor suksess, skapt forteljingar om vanlege folks liv frå vanlege bygde- og småbysamfunn. I Bikubesong (av Frode Grytten, dramatisert av Lasse Kolsrud) følgde vi familiane i ei blokk i sentrum av Odda. I Sånne som oss (av Frode Grytten/DNS) fekk vi innblikk i tre generasjonar innbyggjarar i forstaden Loddefjord utanfor Bergen. I Bikubesong var det The Smiths som lydla scenerommet. John Olav Nilsen og gjengen var tonefølgjet i Sånne som oss. Denne gongen har Lasse Kolsrud fridd til ein av notidas aller fremste visekunstnarar.

Bikubekveld

I samband med platesleppet og at vi i januar har premiere på det første teaterstykket med musikk og songtekstar av Bjella, vil Det Norske Teatret i kveld kl. 22.30 arrangere ein Bikubekveld i Bjellas teikn; ÅLways on my mind. Her blir det invitert til ein liten snik-kikk på kva framsyninga skal handle om. Regissør Lasse Kolsrud vil fortelje, skodespelarane Hans Rønningen og Bjellas sambygding Kjersti Dalseide, i tillegg til Ål-bandet darling West, vil tolke ei vise eller to - og sjølvaste Stein Torleif Bjella vil også dukke opp.

Stein Torleif Bjella

Stein Torleif Bjella har sett ord og musikk til mange lagnader i distrikts-Noreg. Sjølv har han vendt tilbake til heimbygda Ål etter nokre år i hovudstaden. Her har han for alvor slått gjennom med songar om den norske bygdesjela. Dei handlar om vanlege folk, som alle strir med sitt, og som fåmælt og famlande prøver å finne ein plass – i kjærleiken og i verda. Det er motbakkar, små og store kriser, det er umogleg kjærleik og det er lange etableringsfasar. Songane i framsyninga er henta frå albuma Heidersmenn, Heim for å døy, Vonde visu og Gode liv, som kom ut i dag.

Samarbeid med Riksteatret

Kan nokon gripe inn er ein samproduksjon med Riksteatret. Turnepremieren blir på Ål Kulturhus den 11. oktober 2017 og framsyninga skal reise til heile 22 stader:
11.10.2017 Ål
12.10.2017 Vikersund
13.10.2017 Drammen
15.10.2017 Horten
16.10.2017 Nøtterøy
17.10.2017 Halden
18.10.2017 Jessheim
19.10.2017 Hamar
20.10.2017 Fagernes
22.10.2017 Lillehammer
23.10.2017 Tynset
25.10.2017 Ålesund
27.10.2017 Orkanger
29.10.2017 Røros
30.10.2017 Melhus
31.10.2017 Verdal
01.11.2017 Namsos
02.11.2017 Mosjøen
04.11.2017 Sandnessjøen
06.11.2017 Bodø
08.11.2017 Harstad
11.11.2017 Tromsø

Related links

Emner

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge