Gå videre til innhold
Hiphop-kids inntek Hovudscenen

Nyhet -

Hiphop-kids inntek Hovudscenen

Neste helg blir Hovudscenen til byens kulaste disco når Urban Art Attack med hiphop-dansande kids og sløye beats tek over teateret.


BIKUBEBARN – URBAN ART ATTACK FOR KIDS
LAURDAG 12. NOVEMBER
KL. 12.30-15.00
HOVUDSCENEN, DET NORSKE TEATRET

Dette er del av den nye satsinga Det Norske Teatret har mot barn, der vi inviterer inn til verkstader der barn og unge sjølve er med på å lære og skape. Tidlegare i haust var det rytmeverkstad og beatboxing som stod på timeplanen, neste laurdag er det hiphop og breaking.

Verkstaden startar med eit kurs i breakdance, deretter vil det bli oppvisingar av ulike hiphop-crews som har meldt seg på og fri dans der alle kan vere med. Arrangementet er ope for alle mellom 6 og 14 år, både dei som har dansa sidan dei blei fødde, og dei som berre vil ha det gøy. Familie og venner er inviterte til å vere publikum. Kurshaldarane er mangeårig noregsmeister i breaking, Dark Marc, Sofia Knudsen Estifanos (kjend frå barne-TV) og Camilla Tellefsen. Bak turntablesa står Beatur. Dei lovar heftige rytmar, lysshow, all style battle og rein danseglede.

Related links

Emner

Regions

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge