This web page requires JavaScript to be enabled.

JavaScript is an object-oriented computer programming language commonly used to create interactive effects within web browsers.

How to enable JavaScript?

Repertoarendringar på grunn av korona

Nyhet -

Repertoarendringar på grunn av korona

Det Norske Teatret avlyser alle framsyningar også i dag, onsdag 11. mars. 

Basert på råda frå Folkehelseinstituttet vurderer Det Norske Teatret no kva for konsekvensar det vil få i dei næraste vekene. Som ein sentral samfunnsaktør er det viktig at vi er med på denne nasjonale dugnaden for å avgrense smittespreiinga. Alle framsyningar er avlyste i dag, onsdag 11. mars. Følg med på nettsida og Facebook-sida vår for oppdateringar.

Billettkontoret vil kontakte dei som har kjøpt billett dersom det blir andre endringar.

Det Norske Teatret skulle gjerne ha spelt teater, men som offentleg samlingsplass vil vi sjølvsagt vere med på å ta ansvar for at situasjonen blir så kortvarig som mogleg. Vi beklagar til alle som får endring i planen, men vonar det er stor forståing for avgjerda.

Emner

Tags



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Pressekontakt