Gå videre til innhold
Maik (Karl-Vidar Lende) og Tschick (Eivin Nilsen Salthe) dreg ut på ein uforgløymeleg biltur. Foto: Erika Hebbert.
Maik (Karl-Vidar Lende) og Tschick (Eivin Nilsen Salthe) dreg ut på ein uforgløymeleg biltur. Foto: Erika Hebbert.

Pressemelding -

14-åringar på livets roadtrip

Den tyske ungdomsromanen Tschick - adjø Berlin er omsett til over 30 språk, filmatisert og spelt i teaterversjon på eit utal scener i Tyskland. No er den elleville historia om outsidarane Mike og Tschick klar for Noregspremiere.

TSCHICK - adjø Berlin
av Wolfgang Herrndorf
NOREGSPREMIERE FREDAG 18. OKTOBER KL. 19.30
SCENE 2

Mike er rik og har alt han treng materielt sett, men blir ikkje lagd merke til på skolen. Tschick har fylleande og bryr seg ikkje om kva andre måtte meine. - Ingen av dei har venner, og ingen av dei blir inviterte i bursdagen til den peneste jenta i klassen.

Når sommarferien tek til, reiser Mikes mor på avrusingsklinikk medan faren dreg på ferie med sekretæren. Tschicks foreldre veit vi ikkje kor er. Tschick og Mike har begge ein heilt blank sommarferie framføre seg. Så da Tschick dukkar opp i ein stolen Lada, legg dei ut på landevegen berre utstyrt med eit kart over Berlin, og endar opp på sitt livs reise.

Les meir om framsyninga på teaterets nettsider.

Suksess som roman og teater
Framsyninga er ei dramatisering av Wolfgang Herrndorfs ungdomsroman med same namn, som kom ut i Tyskland i 2010. Boka fekk ei vanvettig mottaking i heimlandet; Han låg på bestseljarlistene i over to år, vann den tyske ungdomslitteraturprisen, er omsett til over 30 språk, har selt i nærare tre millionar eksemplar og er blitt både filmatisert og dramatisert. Den såre skildringa av to forsømte gutar som finn saman i eit vennskap mot alle odds er full av humor og innfall, og boka fekk også svært god mottaking her i Noreg da den kom ut i 2012. I Tyskland har også dramatiseringa av boka gått sin sigersgang frå den eine teaterscenen til den neste.

Sommaren da du slutta å vere barn og blei eit nytt menneske.


Når framsyninga for første gong blir sett opp i Noreg, er det med eit kunstnarleg team frå Tyskland.

Regissør Mina Salehpour: - Det er eit uttrykk som heiter at lykka finn du ved sida av vegen. Altså der du minst ventar det.

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge