Gå videre til innhold
Fargespill er ei musikalsk festframsyning for heile familien der musikalske perler frå ulike kulturar blir slått saman med norske musikktradisjonar og global ungdomskultur. Foto: Helge Hansen.
Fargespill er ei musikalsk festframsyning for heile familien der musikalske perler frå ulike kulturar blir slått saman med norske musikktradisjonar og global ungdomskultur. Foto: Helge Hansen.

Pressemelding -

Barn og unge frå heile verda med KORK på scenen

100 aktørar frå 35 ulike land står saman på scena med Kringkastingsorkesteret i framsyninga Fargespill - KORK, som gjorde braksuksess under Festspillene i Bergen. No kan Oslopublikumet glede seg til å oppleve dette forrykande stemnemøtet mellom ulike kulturuttrykk.

FARGESPILL - KORK
SØNDAG 14. MAI KL. 16.30
HOVUDSCENEN, DET NORSKE TEATRET
PASSAR FOR VAKSNE OG BARN FRÅ 4 ÅR

Barn og ungdom frå nærast heile verda utgjer kompaniet Fargespill frå Bergen. På scenen møter vi rundt 100 aktørar frå om lag 35 ulike land, inkludert Noreg. Dei fleste aktørane er komne til Noreg som flyktingar og asylsøkarar, og det er desse unge, lovande som er grunnstamma i Fargespill. Tanken bak prosjektet er både å lage ei forrykande framsyning som viser alt det positive som bur i barn og i møte mellom ulike kulturar, og samstundes gi unge sjølvtillit, tru på seg sjølve og stoltheit over eigen bakgrunn.

Sjå smakebit her

PROFESJONELLE OG BARN I SAMSPEL

Framsyningane er bygd opp av songar, regler og dansar som dei har tatt med seg frå sine respektive land og kulturar på ferda til Noreg. Med respekt og hjarte blir desse musikalske perlene slått saman med norske musikktradisjonar og global ungdomskultur som hip hop og beatboxing. Resultatet er eit nært, musikalsk møte med unge menneskes historie om kven dei er og kor dei kjem ifrå, formidla gjennom musikk og dans. Opplevinga blir båre fram av eit stort profesjonelt apparat av komponistar, musikarar, koreografar, instruktørar, lyd- og lysdesignarar og scenografar.

Video med prosjektleiar og komponist Ole Hamre om Fargespill

Related links

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 220.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge