Gå videre til innhold
Lear (Håkon Ramstad) klarer ikkje å sjå at han ikkje lenger er i stand til å ta hand om riket sitt, endå mindre seg sjølv. Han er allereie redusert, sinnet hans sviktar og han bryt saman utan å innsjå det. Foto:Magnus Skrede.
Lear (Håkon Ramstad) klarer ikkje å sjå at han ikkje lenger er i stand til å ta hand om riket sitt, endå mindre seg sjølv. Han er allereie redusert, sinnet hans sviktar og han bryt saman utan å innsjå det. Foto:Magnus Skrede.

Pressemelding -

Brutal farsarv i LEAR

Har foreldre rett til å krevje at barna tek seg av dei når dei blir gamle? Og korleis påverkar det sjølvbildet å bli gamal? Lear har ingen planar om å henge i stroppen til han stupar; han vil nyte sine siste dagar som konge.

LEAR
etter William Shakespeare
PREMIERE LAURDAG 29. FEBRUAR KL. 18.00
SCENE 2

Lear, kongen av Britannia, er blitt gamal, men slett ikkje mett av dage. Han vil gi ifrå seg riket og makta til døtrene, men halde på tittelen og alle godene som følgjer med dei kongelege privilegia. Regissør Tatu Hämäläinen ønskjer i denne fortetta versjonen av LEAR å ta for seg aldring, og ser stykket som eit bilde på det å bli gamal og kva for følgjer det kan få. Vi må alle ein gong forlate riket vårt, arbeidet og posisjonen vår. Lear ønskjer seg det mange blivande pensjonistar vil ha når dei forlet arbeidslivet: inkje ansvar, nyte livet.

Mot at døtrene får kvar sin del av riket, vil Lear veksle på å bu hos dei - i lag med sine 100 svirebrør. I tillegg krev han at dei skal erklære for alle kor høgt dei elskar han. Og så er arvestriden i gang...

Les også: - Eg har gitt dei alt, seier Lear om døtrene sine. Det trur eg ikkje er heilt sant, seier Håkon Ramstad.

Falsk kjærleik

Goneril (Ane Dahl Torp), Regan (Nils Jørgen Kaalstad) og Cordelia (Judy Nyambura Karanja) får tilbod om kvar sin del av kongeriket mor å erklære sin kjærleik til faren. Foto: Siren Høyland Sæter.

Goneril og Regan er klare for å motta både makt og rikdom, men nærer ikkje store kjensler for sin far. Dei er heller ikkje særlig interesserte i å halde kost og losji for faren og kompisane hans. Men å lyge han opp i fjeset har dei ingen problem med når premien lurer i andre enden. Lears favoritt og den yngste blant døtrene, Cordelia, er oppriktig glad i far sin. - Men ho ser ingen grunn til å måtte bevise farskjærleiken gjennom ei erklæring. Som straff blir ho gjort arvelaus og forvist av faren. 

Les også: - Frykta for å ikkje bli elska av sine barn, er sterk, seier Ane Dahl Torp.

Overflatisk 
Under den tilsynelatande omgjegelege tonen ved hoffet i Britannia ligg ei uro og murrar. Kven vil få mest? Dei er pent kledde, men om ein ser nøyare etter, minner latexkostyma til Tove Berglind mistenkjeleg om menneskehud. Omgivnadene er polerte og glatte som marmor, men ein grov brutalitet sprenger seg til overflata når makta står på spel. Etter kvart som døtrene og faren vender seg mot kvarandre, flyt blodet, og dei mest bestialske sidene ved mennesket kjem fram.

Les meir om LEAR på nettsidene våre.

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge