Gå videre til innhold
Vil vi alle eigentleg bli herostratisk berømde? Foto: Bård Gundersen.
Vil vi alle eigentleg bli herostratisk berømde? Foto: Bård Gundersen.

Pressemelding -

Kva får tilsynelatande vanlege menneske til å gjere overskridande handlingar?

Er det eit ønske om å bli sett, oppnå respekt, eller bli udøyeleg? Bur det ein Herostratos i oss alle?

HEROSTRATOS
SCENEPARTITUR AV JANNE-CAMILLA LYSTER
URPREMIERE OG LANSERING AV BOK ONSDAG 11. OKTOBER
Lansering kl. 19.45 i baren i 1. høgda, urpremiere kl. 20.30
SCENE 3, DET NORSKE TEATRET

- Ønsket om å bli herostratisk berømt handlar om ein trong for å gå frå å vere jakta på til å jakte sjølv. Frå å kjenne seg undertrykt til å bli den som knusar, seier Janne-Camilla Lyster. Myten om Herostratos er utgangspunktet for hennar poetiske scenepartitur, ein ny og eksperimentell dramatikksjanger. Lyster undersøker kva som ligg til grunn for at nokon kjenner seg ekskluderte frå fellesskapet, og så ønsker å heve seg over andre ved å hemne seg med ei ekstrem handling. Kjensla av utanforskap blir vendt om til ein slags siger.

Herostratos i oss alle?
På Scene 3 får poesien liv gjennom ein fysisk og ekspressiv teaterleik som inviterer publikum til å refleksjon. Regissør Øyvind Osmo Eriksen grunnar på om ikkje alle typar ekstremistar har trekk frå Herostratos. Det å kjempe for ei større sak kan vere eit vikarierande motiv. Ved ei grufull handling ønsker dei å skrive seg inn i historiebøkene. Herostratos leiter etter det gjenkjennelege i denne mytiske figuren og det han representerer. For er det ikkje noko alment i ønsket om å vere udøyeleg?

Les meir om Herostratos.

LANSERING AV BOK PÅ PREMIEREN
Dramatikar Janne-Camilla Lyster stiller i forkant av premieren til ein samtale med regissør Øyvind Osmo Eriksen under leiing av forlagsredaktør ved Tiden, Kjetil Strømme Jørve.


HEROSTRATOS
Herostratos er mannen som i år 365 før vår tidsrekning sette fyr på Artemistempelet, eit av verdas sju underverk. Det blir sagt at motivasjonen rett og slett var å bli kjent. Mannen måtte bøte med livet, og folk i landet bestemte seg for å aldri omtale han ved namn. Men det ein skal teie om, er gjerne det alle vil tale om, og ironisk nok blei den unge pyromanen opphav til uttrykket herostratisk berømt; det å bli vidgjeten for å ha gjort ein udåd. Og namnet hans har aldri blitt gløymt.

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 220.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Relatert innhold

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge