Skip to main content

CocoRosie og Arvo Pärt lydlegg Edda

Pressemelding   •   feb 22, 2017 07:32 CET

CocoRosie blandar musikalske sjangrar og leikar med både outrerte kostyme og kjøn. No har dei laga musikk til den norrøne mytologien. Foto: CocoRosies mor.

Det amerikanske indiebandet CocoRosie har spesialkomponert musikk til stjerneregissøren Robert Wilsons versjon av Edda på Det Norske Teatret.

EDDA
TEKSTAR FRÅ EIN VERSJON AV JON FOSSE
REGISSØR: ROBERT WILSON
KOMPONISTAR: COCOROSIE OG ARVO PÄRT
URPREMIERE LAURDAG 4. MARS KL. 18.00
HOVUDSCENEN, DET NORSKE TEATRET

Den legendariske teatermakaren Robert Wilson skapte historie da han sette opp Peer Gynt ved sitt førre Noregsbesøk. No er regissøren endeleg tilbake, for å sette sin karakteristiske signatur på eit mytisk univers som kanskje er i ferd med å gå i gløymeboka for mange - vår eigne norrøne mytologi. Med seg på laget har han indiebandet CocoRosie, ein duo som eksperimenterer i krysninga mellom kunst, musikk og performance. I kontrast til dette har Wilson også med musikk frå den estiske samtidskomponisten Arvo Pärt, kjend for eit meir minimalistisk lydbilde.

PERFORMATIVE KOMPONISTAR
CocoRosie består av søstrene Bianca «Coco» og Sierra «Rosie» Casady. Dei har vore til stades under prøvene på Det Norske Teatret i fleire periodar, og kvar dag komponert ny musikk. I vår var vokalperkusjonisten Vincent Garlantezec og fiolinisten Asia Sorshneva også med på prøvane i tillegg til Takuya Nakamura på piano, mellotron og trompet. Sjangermessig let ikkje CocoRosie seg ikkje plassere så lett, og har mellom anna blitt omtalt som «freak folk», sidan dei blandar element frå så ulike sjangrar som pop, blues, opera, elektronika og hip hop. I tillegg til harpe, perkusjon, piano og gitar, nyttar dei ofte leiketøy og gamle instrument i komposisjonane sine. Dei legg stor vekt på performative element og outrerte kostyme under konsertane sine, derfor er det å samarbeide med Wilson ei forlenging av det dei held på med elles.

Robert Wilson har ei lang rekke vellykka musikarsamarbeid bak seg, og har samarbeida med store musikkpersonlegdomar som Tom Waits og Lou Reed, David Byrne frå Talking Heads, komponist og performancekunstnar Laurie Anderson, operasongaren Jessye Norman og Anthony frå Anthony and the Johnsons, i tillegg til CocoRosie. Med søstrene Casady har han tidlegare sett opp Peter Pan og Pushkin´s Fairy Tales.

FEST FOR SANSANE
Edda
er ei framsyning basert på utdrag frå Jon Fosses gjendikting av Den eldre Edda - dei norrøne gudedikta som blei skrivne ned på Island på 1200-talet - men i Robert Wilsons hender blir det storslagne tablå, ekstravagante kostyme, outrert sminke og musikk som står i første rekke. Dette er teater som dyrkar teatrets eigenart til fulle. Wilson er kjent for sine stiliserte og konsentrerte sceniske allkunstverk der lys, scenebilde og musikk går opp i ei høgare eining. Referansane i oppsetjinga er mange, og Det Norske Teatret er stolt over å kunne invitere til ei teateroppleving av dei sjeldne.

Edda er eit samarbeid med Unlimited Performing Arts og blir samprodusert med Aarhus Teater. Framsyninga gjestar teatret hausten 2017 i samband med at Aarhus er europeisk kulturhovudstad i 2017.


Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 220.000 publikummarar årleg.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar