Skip to main content

​Den internasjonale Fossefestivalen på Det Norske Teatret

Pressemelding   •   feb 15, 2019 13:29 CET

Den internasjonale Fossefestivalen på Det Norske Teatret 6. - 15. september.

Det Norske Teatret og Det Norske Samlaget samarbeider i september 2019 for første gong om ein internasjonal Fossefestival.

DEN INTERNASJONALE FOSSEFESTIVALEN 
6. - 15. SEPTEMBER 2019
ALLE SCENER PÅ DET NORSKE TEATRET

Frå 6. til 15. september kjem orda til Jon Fosse til å krype inn i kvar krå på Det Norske Teatret. Under Den internasjonale Fossefestivalen blir det framsyningar på alle scenar, gjestespel frå Japan, Russland, Frankrike og Sverige og eit innhaldsrikt seminarprogram.

Med meir enn 600 oppsetjingar over heile verda er Jon Fosse den største norske dramatikaren sidan Henrik Ibsen. Tekstane har ein særeigen syngande rytme, og tek tak i tema knytt til det grunnleggande i livet. Om fjorden, døden og kjærleiken. Den tosame einsemda. Eit røntgenbilde av det daglege og korleis menneske lever saman.

EIT SPRÅK FOR DEI USAGTE ORDA
«Fosse er unik fordi han har skapt eit språk for dei usagte orda», seier den belgiske regissøren Luk Perceval. Han er regissør for Triologien som er ein av Det Norske Teatret sine eigne framsyningar under festivalen. Bøkene Andvake (2007), Olavs draumar (2012) og Kveldsvævd (2014) utgjer trilogien, og Jon Fosse blei i 2015 tildelt Nordisk Råds litteraturpris for trilogien. 

Dei to andre framsyningane som har premiere under festivalen er Nokon kjem til å komme, med Kai Johnsen som regissør, og Ein raud sommarfugls vengjer med  med Trine Wiggen som regissør.

FEIRING AV 25 ÅR SOM DRAMATIKAR
Den internasjonale Fossefestivalen markerer at det i 2019 er 25 år sidan Jon Fosse debuterte som dramatikar, og i september fyller diktaren 60 år. Bli med på feiringa over ti dagar på Det Norske Teatret.

Festivalen er eit samarbeid med Det Norske Samlaget.

Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 220.000 publikummarar årleg.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Ved å sende inn kommentaren aksepterer du at dine personopplysninger behandles i samsvar med Mynewsdesks Personvernerklæring.