Gå videre til innhold
Espen Reboli Bjerke som Nekrozotar og Jan Grønli som Proprenaz under prøvane i Stein Winges regi. Foto: Ylva Catodotter Fyllingsnes/Det Norske Teatret.
Espen Reboli Bjerke som Nekrozotar og Jan Grønli som Proprenaz under prøvane i Stein Winges regi. Foto: Ylva Catodotter Fyllingsnes/Det Norske Teatret.

Pressemelding -

Dommedagsfest med Stein Winge

Kva ville du nytta dine siste timar til? Ein skikkeleg fest, med døden som gjest? 

SKÅL FOR DOMMEDAG! 
av Michel de Ghelderode
Regi: Stein Winge
NOREGSPREMIERE LAURDAG 9. SEPTEMBER KL. 17.30
SCENE 2, DET NORSKE TEATRET

– Døden, eller angsten for døden, går aldri av moten, seier regissør Stein Winge. Dommedagsmørkret har lagt seg på Scene 2 i hans nye Ghelderode-oppsetjing, der eit barokt frodig sceneuttrykk blir forent med absurd humor og poesi. Regissøren har eit nært forhold til den særeigne dramatikaren, og har tidlegare sett opp Barabbas (1981) og Pantagleize (1986) på Det Norske Teatret, frå same hand. Snart 77 år gamle Winge nærmer seg tema som endetid og død i Skål for dommedag! som med fandenivoldsk humor skildrer menneska i møte med slutten.

Stykket er kanskje betre kjent som Le Grand Macabre som i Ligetis opera over stykket (sett opp ved Den Norske Opera og Ballett for få år sidan), og skildrar eit samfunn på randen av samanbrotet. Det skriv seg inn i ein surrealistisk og ekspresjonistisk teatertradisjon der stemninga svingar frå det humoristiske til det groteske. 

GLØYMER DOMMEDAG

Nekrozotar er sendt frå Gud med oppdrag om å utslette menneskeheita. Han trugar med at han vil knuse alle innbyggarane i Brueghelland i løpet av natta, og panikken grip om seg. Men Nekrozotar frys på beina og for å varme seg får han raudvin. Med undergangen går det ikkje heilt som planlagt, for han hamnar rett og slett på fylla og gløymer det heile. Når han vaknar, i sterk bakrus, ser både han og alle andre at verda vaklar vidare, sjølv om nokre galne rådgjevarar ved hoffet har vore nære på å køyre henne i grøfta. Moralen er at ein bør halde hovudet kaldt, og gjerne ta eit glas for mykje, sjølv om verda trugar med å gå av hengslene. 

Related links

Emner



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 220.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Relatert innhold

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge