Gå videre til innhold
T-banens Linje 5 til Vestli dannar ramma rundt framsyninga Linje 5. På bildet: Jenny Mueni Ndunda og Jydy Nyambura Karanja. Foto: Magnus Skrede.
T-banens Linje 5 til Vestli dannar ramma rundt framsyninga Linje 5. På bildet: Jenny Mueni Ndunda og Jydy Nyambura Karanja. Foto: Magnus Skrede.

Pressemelding -

Don Martin og Zeshan Shakar om T-banelinje 5

I Linje 5 går T-banen og liva til Groruddølane i parallelle spor. Rappar Don Martin og forfattar Zeshan Shakar er vokst opp her. I framsyninga dei har skrive i lag, strør dei ut eit knippe skjebnar som går på skjener, står på perrongen eller har spora av, nett som T-banen som går som ei livslinje gjennom dalen.

LINJE 5
av Don Martin og Zeshan Shakar
URPREMIERE TYSDAG 13. OKTOBER KL. 19.00
PÅ ROMMEN SCENE

I Linje 5 får publikum eit innblikk i det som kan vere ein heilt vanleg dag på denne T-banelinja. Her møtest fyllikar, ungdomar og businessmenn - folk av alle slag og klassebakgrunnar. Små episodar gir innsikt i små og store utfordringar dei står i, og vil kanskje gi ei djupare forståing av menneske som er annleis enn ein sjølv. Og kanskje er vi ikkje så forskjellige likevel? På scenen står Don Martin i lag med både nye og kjende fjes i Det Norske Teatret-samanheng og gir stemme og kropp til ulike karakterar som finn vegen til Linje 5. Både billettkontrolløren, jenta som hadde sovna på banen og dama med alle posane har draumar om livet og korleis det skal bli eller kunne ha blitt, og gjer sitt beste utifrå dei korta dei har blitt tildelt. 
Og - det som skjer på Linje 5, det blir på Linje 5.

Sosialdemokratisk draum

Groruddalen som vi kjenner han i dag, starta som eit sosialdemokratisk byggeprosjekt etter babyboomen som kom etter krigen. Eit landleg område har på 70 år endra seg til ein urban forstad til hovudstaden vår. Sidan dei første blokkene blei reist, har dalen byrja leve sitt eige liv, tatt nye vegar og husa nye menneske. T-banen er livsåra som bind menneska som bur her saman med kvarandre og med livet i byen, jobbane og pulsen i sentrum. Nokre meiner boligprosjekta har feila og skapt dårlege bomiljø. Men dei som lever her, elskar heimstaden sin. På premierekvelden kan publikum også få med seg ein samtale mellom to som kjenner Linje 5 godt, nemleg arkitekturhistorikar Anne Kristine Kronborg og dramatikar Zeshan Shakar. Dei vil snakke om banen og byutviklinga, både frå eit forskarperspektiv og eit gateperspektiv.

Les meir: Her har vi etterkrigstidas byutvikling i eit nøtteskal; ho gjekk føre i skjeringspunktet mellom vakre visjonar og beinhard pragmatikk, skriv arkitekturhistorikar Anne Kristine Kronborg.

Groruddølar med suksess

Don Martin frå Romsås og Zeshan Shakar frå Stovner er begge vokst opp i Groruddalen. Don Martin er mellom anna DJ og rappar, tidlegare kjent frå rapgruppa Gatas Parlament. Han er vokst opp med hiphop og i 2013 fekk han sitt definitive gjennombrudd som soloartist med singelen Nilsen frå albumet En gang Romsåsgutt alltid Romsåsgutt. Zeshan Shakar er statsvitar og forfattar, og brakdebuterte med romanen Tante Ulrikkes vei i 2017. I haust kom den uavhengige oppfølgaren Gul bok ut, til svært gode kritikkar.

Don Martin (Foto: Siren Høyland Sæter/Det Norske Teatret) og Zeshan Shakar (Foto: Julie Pike/Gyldendal).

Både Don Martin og Shakar står bak nokre av dei store suksessframsyningane på Det Norske Teatret dei seinare åra. I fjor var det urpremiere på teaterversjonen av Tante Ulrikkes vei, og i 2018 hadde Don Martin premiere på framsyninga Blokk til blokk, der han både stod på scenen og var med på å lage manus. Denne framsyninga er i haust på turné med Riksteatret, etter å ha tatt turen frå Scene 3 til Scene 2, til Rommen Scene og Hovudscenen på Det Norske Teatret. Manuset til Linje 5 har dei to skrive i lag, og produksjonen er eit samarbeid med SPKRBOX.

Les meir om Linje 5 på nettsidene våre.


Utøvande kunstnarar er fritekne frå avstandskravet på 1 meter når dei gjennomfører kulturaktivitetar i regi av ein profesjonell aktør, jf paragraf 13 i Forskrift om smitteverntiltak.

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge