Gå videre til innhold
Don Martin inviterer denne gongen Bård Torgersen, Musti og Fadlabi til Rommen Scene,
Don Martin inviterer denne gongen Bård Torgersen, Musti og Fadlabi til Rommen Scene,

Pressemelding -

Don Martin presenterer stemmer han likar

Under konseptet Don Martin presenterer, viser han fram spennande stemmer han sjølv likar. Denne gongen er det Bård Torgersen, Musti og Fadlabi som vil dele dikt, historier og låtar.

DON MARTIN PRESENTERER:
OM LINJENE KUNNE SNAKKE
ONSDAG 25. SEPTEMBER KL. 19.00
ROMMEN SCENE

På Rommen Scene inviterer Don Martin forfattarar, poetar, tekstforfattarar, musikarar - folk som jobbar med ord  - til å dele litt frå sine skattekister med publikum. Denne gongen er det musikar og forfattar Bård Torgersen, kunstnar Fadlabi, og ein av landets lovande rapparar; 18 år gamle Musti. DJ Krøllpac snurrar plater og byr på funk, soul, hiphop og god stemning. 

Les meir på Det Norske Teatrets sider.

DON MARTIN sjølv er kjend for publikum som ein av dei store pionierane innan norks hiphop gjennom hiphop-gruppa Gatas Parlament. Dei seinare åra har han markert seg som soloartist og i teaterframsyninga Blokk til blokk på Det Norske Teatret.

BÅRD TORGERSEN er forfattar og musikar. På 80-talet var han ein sentral person i Oslos musikalske subkultur. Han var vokalist i postpunkbandet Masters of Mø, og på nittitalet blei han ein av pionerane på den norske elektronikascenen. Seinare har han stått bak fleire musikalske prosjekt i grenselandet mellom musikk og litteratur. Bård Torgersen debuterte i 2005 med romanen Alt skal vekk, og har etablert seg som ein markant og kritikarrost forfattar. Tidlegare i år gav han ut sin åttande roman, Lengter knuser slår.

MUSTI er berre 18 år gamal, men blir omtala som ein av landets mest lovande unge rapparar. Jenta frå Tøyen har allereie blitt lagt merke til med si sterke forteljarstemme og musikalitet. Musti har sidan barndommen vore oppteken av kunsten å fortelje historier, helst over beats som allereie har ei historie å fortelje. Musti er ein del av Nora Collective, som husar artistar som Arif, Philip Emilio og Unge Ferrari.

FADLABI er ein Oslo-basert kunstnar, opphavleg frå Sudan. Han jobbar med måleri, tekst og performance. Fadlabi er kjent frå 22.juli-minnesmarkeringa i 2012 der han las dikt før Karpe framførte sin song Påfugl. I 2014 fekk han massiv mediemerksemd da han var ein av to kunstnarar som attskapte den såkalla “Kongolandsbyen” i Frognerparken. Fadlabi gav i 2010 ut På gebrokkent, ei samling små forteljingar frå Tøyen og Grønland. I 2016 kom På gebrokkent II; eit kunstprosjekt med utgangspunkt i Fadlabis personlege utvikling gjennom det å lære eit språk. Her stiller han spørsmålet: Kor oppriktig kan ein skrive når ein manglar vokabular?

Kvelden er produsert av SPKRBOX i samarbeid med Det Norske Teatret

Emner



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573
Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge