Skip to main content

Edda reiser heim

Pressemelding   •   jun 13, 2018 12:39 CEST

Den verdskjende regissøren Robert Wilsons versjon av Edda blir no bli vist på Island. Foto: Lesley Leslie-Spinks

Edda skal no gjeste Island. Søndag 17. juni og måndag 18. juni spelar den moderne tolkinga av den norrøne mytologien under Rekjavik Arts festival. 

EDDA
av Robert Wilson med tekstar av Jon Fosse
17. OG 18. JUNI
Gjesting til 
Borgarleikhúsið, Reykjavik

Mytologien som Robert Wilson og Jon Fosses Edda bygger på, blei nedteikna av sagaskrivarar og skaldar på Island rundt 1200-talet. Wilson har fritt late seg inspirere både av persongalleriet, mytene og det norrøne, men for det islandske publikummet blir framsyninga presentert som noko heilt ekstraordinært. Framsyninga hausta flotte kritikkar her til lands etter premieren våren 2017 og blei heidra med Heddaprisen for Særleg kunstnarleg innsats og Beste scene/kostymedesign. Edda har allereie vore vist i Danmark, som del av eit kunstnarleg samarbeid med Aarhus Teater i samband med at Århus var europeisk kulturhovudstad i 2017.

Les meir om Edda på våre nettsider

Les meir om Edda på Borgarleikhúsið sine nettsider

Det Norske Teatret ser utover landegrensene

Det Norske Teatret ønskjer å styrke satsinga på internasjonale samarbeid og turnéverksemd. Teateret er i sterk utvikling, og har dei seinare åra satsa tungt på stor originalproduksjon og ny, norsk dramatikk. Denne satsinga blir lagt merke til utanfor landets grenser, og har i sin tur ført til fleire førespurnader om gjestespel og festivalbesøk. I førre veke gjesta Det Norske Teatrets Sorga kler Elektra Sibiu Internasjonale Teaterfestival i Romania som er ein av Europas største festivalar for scenekunst. Samstundes husa Det Norske Teatret ein internasjonal teaterkonferanse med fokus på digitale media.

I dei komande åra vil det bli lagt til rette for å få realisert fleire internasjonale gjestingar. Norsk teater held høgt nivå og på Det Norske Teatret ønskjer vi å legge lista enno høgare. Det vil i åra framover vere ei prioritert oppgåve for teateret å vise seg fram på dei viktigaste arenaene og samarbeide med dei leiande kunstnarlege kreftene internasjonalt.


Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 220.000 publikummarar årleg.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Agree With Privacy Policy