Pressemelding -
Eirik Stubø tilbake med suksessframsyning
Sorga kler Elektra kjem rett frå Bergman-festivalen ved Dramaten i Stockholm, og får nokre eksklusive framsyningar i oktober.
SORGA KLER ELEKTRA
AV EUGENE O´NEILL
NYPREMIERE TYSDAG 18. OKTOBER KL. 19.30
BLIR OGSÅ SPELA 19., 20. og 21. OKTOBER KL 19.30
SCENE 2, DET NORSKE TEATRET
I Sorga kler Elektra gir knallsterke skodespelarprestasjonar og ein samspelt jazztrio i scenebildet ei gripande og annleis oppleving av Eugene O´Neills lagnadsdrama. Kritikarane jubla for framsyninga, og det vanka heile fem Heddanominasjonar året etter. Torbjørn Eriksen og Gjertrud Jynge stakk av med Heddaprisen for Årets beste mannlege og kvinnlege birolle/medspelar 2012 for sine glitrande og intense rolletolkingar. Regissør Eirik Stubø har sidan blitt teatersjef, først ved Stadsteatern og sidan ved Dramaten i Stockholm.
Jazz-stemning
Jazz, rock og balladar følgjer som lydspor til dette brutale oppgjeret, der hemnens vonde sirkel ikkje synest å la seg bryte. I Stubøs regi er O´Neills moderne klassikar blitt ei formstikker framsyning - mest like mykje ein konsert som teater. Ein jazztrio og videodesign ved Boya Bøckman er med på å skape den amerikanske stemninga på scenen. Musikken gir teksten rytme og driv, og fører karakterane ubønnhørleg mot undergangen. Songane varierer frå Billie Holiday til Doors, Dylan og Procul Harum. Saman gir desse grepa ei annleis tolking av Eugene O´Neills lagnadsdrama basert på Orestien av Aiskylos.
MED Torbjørn Eriksen, Gjertrud Jynge, Kirsti Refseth Stubø, Marie Blokhus, Lasse Kolsrud, Bjørn Skagestad
Related links
Emner
Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 200.000 publikummarar årleg.