Skip to main content

Eit laboratorium for familierelasjonar og foreldreskap

Pressemelding   •   apr 01, 2019 13:47 CEST

Alle er nokon sine barn. Kvar familie har ei historie.

DETTE BARNET
NOREGSPREMIERE 5. APRIL
PÅ SCENE 2

Alle er nokon sine barn. Kvart nye barn, kvar nye familie ber i seg eit håp om ei lys framtid og ein draum om eit godt og kanskje betre liv. - Vi sluttar aldri å oppdra eller å bli oppdradd, seier Jon Tombre som har regi på framsyninga Dette barnet, eit stykke som tar for seg forholdet mellom foreldre og barn.

Å oppdra eit barn kan vere som å støype i sand. Du kan prøve å forme det og sette ditt preg på det. Men det blir kanskje ikkje slik du hadde sett for deg, og plana kan lett gå sundt. Regissør Jon Tombre har saman med scenograf og installasjonskunstnar Lawrence Malstaf omgjort Scene 2 til ein verkstad der skodespelarane lagar støypingar av hovud i sand. Eit laboratorium for familierelasjonar og foreldreskapet. Materialet er skjørt, akkurat som mennesket er det. Gjennom bruken av sand, vatn, isoporkasser og plastikk skal desse illusjonane bli skapt.

- I utgangspunktet er ikkje isopor og plast veldig vakkert, men enkle verkemiddel som raskt kan skape forandring. Eg vil vise korleis noko som vi ser på som heilt trivielt kan bli til noko meir. Dette hjelper teateret oss med, å skape noko vakkert ut av det som ikkje er opplagt vakkert, seier Tombre.

Dette barnet blei opphaveleg skrive på oppdrag for eit familievernkontor i Calvados i Frankrike. Dramatikaren, Joël Pommerat, samla historier frå ei blokk i eit belasta område av byen under overskrifta «Kva vil det seie å vere forelder?». Desse blei så framført på ulike sosialkontor i Caen og sidan samla han desse til ein serie av 10 ulike fortellingar som fekk tittelen Dette barnet. Stykket har sidan premieren i 2006 vore oppført ved fleire europeiske teater og skildrar familierelasjonar som syner ein kjærleik som ikkje er vilkårslaus – og som står i sterk kontrast til det romantiserte bilde av familielykke.


Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar

Ved å sende inn kommentaren aksepterer du at dine personopplysninger behandles i samsvar med Mynewsdesks Personvernerklæring.