Gå videre til innhold
Det Norske Teatret har hatt god grunn til å feire i 2017 - her frå premierefesten til The Book of Mormon, som fann stad i bakgarden. Foto: Dag Jenssen.
Det Norske Teatret har hatt god grunn til å feire i 2017 - her frå premierefesten til The Book of Mormon, som fann stad i bakgarden. Foto: Dag Jenssen.

Pressemelding -

Eit makalaust 2017 ved Det Norske Teatret!

Det Norske Teatret har opplevd eit makalaust 2017!

Det Norske Teatret hadde årsmøte laurdag 28. april og det var eit synleg stolt styre som presenterte eit år som med god margin er det beste året i Det Norske Teatrets over hundreårige historie. Ikkje berre har teateret hatt rekordhøg publikumstilstrøyming, teateret har aldri hatt høgare inntekter eller spelt fleire titlar enn i 2017.  267 297 (220 011 i 2016) besøkte framsyningane og arrangementa på Det Norske Teatret. Førre toppår var tilbake i 1992 da drygt 232 000 besøkande var innom dørene her.

Det Norske Teatret har hatt ein eventyrleg suksess med The Book of Mormon, som er sett av 53 375 i 2017. Det ekstra gledelege er at det totale publikumstalet viser at over 200 000 fann fram til alt det andre teateret har å by på i repertoaret. Inntektene låg på omlag 75 millionar kroner, av desse er 58,2 millionar billettinntekter.

- Det Norske Teatret er eit teater med fagleg stoltheit og stor kreativitet i alle avdelingar på alle nivå. Dette får vi utteljing for gjennom eit attraktivt repertoar og er det beste utgangspunktet for nye og enno større kunstnarlege ambisjonar i åra som kjem, seier ein nøgd teatersjef Erik Ulfsby.

Breitt repertoar

2017 har på alle måter vore eit særmerkt år. Teateret aksla både Robert Wilsons Edda i tillegg til den norske versjonen av The Book of Mormon. Stein Torleif Bjellas songkatalog blei dramatisert i Kan nokon gripe inn og fekk eit stort publikum gjennom turnesamarbeidet med Riksteatret. Samla såg 30 951 framsyninga som var den nest mest besøkte i fjor. Tett bak med 30 305 besøkande følgde Etterlyst: Jesus, som teateret tok med over frå 2016. Også den var ute på turne. Samstundes har det blitt spelt fullt repertoar med ein omfattande nyproduksjon og fleire urpremierar. På Scene 2 var det veteranane som trekte flest publikummarar med Overføring (7 178); ei bearbeiding av ein forskningsrapport om erfaringane til eldre psykologar. På Scene 3 var det smårollingane som kom i hopetal. Jakob og Neikob blei sett av 4 064 besøkande.

Nøgd styre

- Det har vore eit fantastisk år, både kunstnarleg og publikumsmessig, seier styreleiar Nina Refseth. - The Book of Mormon har fått mykje og fortent merksemd, men minst like viktig er det å sjå oppslutninga rundt breidda i repertoaret. Refseth legg særskilt vekt på kor viktig kvalitet er for å utvikle teateret vidare og gler seg over at eit samstemt teater støtta forlenginga av teatersjef Erik Ulfsbys periode ved teateret til ut 2025 .

Etter val på årsmøtet har styret denne samansetjinga: Nina Refseth (styreleiar, attvald for 2 nye år), Steinulf Tungesvik (nestleiar), Shazad Rana, Magni Hjertenes Flyum, Inger Lise Rettedal, Finn Kirkebye (attvald) og Paul-Ottar Haga (ny tilsettrepresentant).

Les årsmeldinga for 2017 her!

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 220.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge