Gå videre til innhold
Foto: Gavin Evans.
Foto: Gavin Evans.

Pressemelding -

Eit siste stjernestøv frå Bowie

Som bibelhistorias Lasarus har den avlidne popstjerna David Bowie fått nytt liv. Hans alter ego blir å sjå på Hovudscenen på Det Norske Teatret frå 11. mai.

LAZARUS
NOREGSPREMIERE 11. MAI KL. 18.00
HOVUDSCENEN

Ingen i popkulturen har skifta like elegant og tidsriktig mellom figurar slik David Bowie gjorde. Med Ziggy Stardust tok han for alvor steget inn på den internasjonale musikkscenen tidleg på 70-talet og varierte mellom ei rad ulike og ofte uventa karakterar. Sjølv eigen bortgang hadde han meisterleg regi på.7. desember 2015 hadde musikalen Lazarus urpremiere på Theatre Workshop i New York. Dette var siste gongen David Bowie viste seg offentleg. I januar 2016, berre to dagar etter at albumet Black Star kom ut, døydde Bowie. Ein bortgang som kom som eit sjokk på fans over heile kloden. Tony Visconti, produsent og livslang samarbeidspartnar, uttalte at "Bowies død var akkurat som livet hans – eit kunstverk. Han lagde Black Star for oss, som ei avskjedsgåve. Han kjem alltid til å vere blant oss."

Regissør med Bowie på øyre heile livet
- Musikalen Lazarus har ein dobbel botn. Dette nye teaterstykket plukkar opp historia til Thomas Newton 40 år etter filmen The man who felt to earth frå 1976 der David Bowie spela Newton, seier regissør Anders T. Andersen. Han har levd med Bowie på øyret heile livet. Som gutunge nekta han blandt anna å ete opp maten viss ikkje foreldra sette på songen Rock n roll suicide.

- Newton, ein utanomjordisk karakter, er send til jorda for å leite etter vatn til den uttørka planeten han kjem frå. Han er fanga på planeten, men ønsker seg vekk. Han druknar sorgene i alkohol, i draumar og i dødslengt. Det er klart ein kan lese inn Bowies eige livsløp i denne framsyninga. Newton er ikkje Bowie, men «ein døyande mann som ikkje kan døy», som han seier i stykket. Og når ein koplar det med 14 av de sterkaste låtane frå katalogen til Bowie er det ikkje mogleg å sjå framsyninga utan å tenke på Newton som eit slags alter ego til Bowie, seier Andersen.

Under filminnspelinga av The man who felt to earth var Bowie både fysisk og mentalt skjør. Han har uttalt at det han hugsar best frå opptaka var at han ikkje trong å spele. Eg kunne «berre vere meg sjølv som eg var, det passa rolla perfekt. På den tida var eg ikkje av denne jord», skal Bowie ha sagt om Newton-karakteren eit par tiår seinare.

 - Sjølv om vi får lage vår eigen versjon, er det visse kriterium som ligg faste, seier Anders T. Andersen. - Vi er pålagde å framføre musikken til Bowie i engelskspråkleg drakt, og arrangementa er noko endra frå det originale. Det er stor variasjon i låtutvalet som spenner frå tidleg 70-tal og fram til det siste Bowie skreiv. Monsterhits som Changes, Heroes og Life on Mars er blant låtane som eit songsterkt og musikalsk tent ensemble på sju skal formidle. Men også Black Star og Lazarus frå det siste albumet er med, låtar som er av heilt overjordisk kvalitet. Dette ser eg verkeleg fram til, avsluttar regissøren.

Eit estetikk-nikk til fansen
Få artistar har femna, forsynt seg av og presentert popkulturen til det siste hundreåret like trygg på seg sjølv som David Bowie. Dagny Drage Kleiva og Olav Myrtvedt har ansvaret for scenografi og kostymedesign, og for dei  har arbeidet med å få Lazarus til Hovudscenen på Det Norske Teatret både vore eit tilbakeblikk på kunsthistoria og på eiga ungdomstid. Møtet med ein av dei beste til å sette seg sjølv i scene har berre styrka beundringa av Bowie til å fange tida i sin eigen utsøkte og ofte outrerte smak.

- Karakteren Thomas Newton i Lazarus er ikkje David Bowie, og historia vi skal fortelje tilhøyrer ikkje han. Men det er ikkje til å kome forbi at Newton har ein del til felles med Bowie, så for mange Bowie-fans er det fullt mogleg å kjenne igjen eller skjønne kva vi siktar til når vi har laga estetikken til framsyninga seier Kleiva og Myrtvedt. 

Lazarus har Noregspremiere 11. mai på Det Norske Teatret, og Joachim Rafaelsen spelar hovudrolla som Newton. Elles medverkar: Petter Vermeli/ Pål Christian Eggen, Heidi Gjermundsen Broch, Hans Rønningen/Lasse Kolsrud, Mimmi Tamba/Julie Moe Sandø, Cahterina Vu, Kristoffer Olsen/Jonas F. Urstad, Hans Magnus Hildershavn Rye, Ingrid Jørgensen Drageland, Amanda Kamara og Joakim H. Ousdal. Lysdesign: Torkel Skjærven. Videodesign: Boya Bøckman. Koreograf: Belinda Braza. Musikalsk ansvarleg: Adrien Munden. Lyddesignar: Vibeke Blydt-Hansen. Dramaturg: Matilde Holdhus.

Related links

Emner



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge