Gå videre til innhold
Alle rundt Berengér (Per Schaanning) blir til nashorn. Han prøver å forstå kvifor.  Foto: Fredrik Arff.
Alle rundt Berengér (Per Schaanning) blir til nashorn. Han prøver å forstå kvifor. Foto: Fredrik Arff.

Pressemelding -

Er Trump eit nashorn?

Er verdiane som sosialdemokratiet er tufta på i ferd med å forvitre? Trumfer populismen sunn fornuft og vanleg folkeskikk? Scene 2 blir trampa istykker av omsynslause nashorn.

NASHORNET
PREMIERE LAURDAG 14. OKTOBER KL. 18.00
SCENE 2, DET NORSKE TEATRET

Plutseleg seier ein venn på Facebook noko overraskande, på grensa til det ubehagelege. Ein kollgega eller ektefellen kjem med eit fordomsfullt eller generaliserande utsagn. Kvar dag blir grensene for kva som er akseptabelt å seie og gjere offentleg tøya. Kva skal ein gjere med slikt? Ta ein krangel? Seie ifrå kva ein meiner? Bryne ulike synspunkt mot kvarandre? Dei fleste av oss nyttar ikkje tida til å svare nett-troll eller skrive kronikkar og motsvar til avisene eller gå i protest-tog mot det vi meiner er gale eller urettvist. Dei fleste ristar på hovudet og momlar lågt til sidemannen, at det der var kanskje ikkje heilt greitt. Dei fleste held kjeft og let det gå. På den måten kan dei som ikkje viser omsyn, som kjem med enkle forklaringsmodellar til komplekse problemstillingar eller nører opp under framandfrykt få ture fram, uimotsagt, utan korreks frå omgivnadene. - Anten det er snakk om mannen i gata eller presidenten i eit av verdas mektigaste land. Og menneske er som dyr flest: Vi likar oss i flokk. Før vi veit ordet av det er det ein skokk nashorn der ute. Er det dette som er i ferd med å skje med oss?

LES OGSÅ: Morten Strand, kommentator i Dagbladet, samanliknar den amerikanske presidenten med eit nashorn i Bakteppet, Det Norske Teatrets repertoarmagasin.

NASHORNA KNUSAR ALT DEI KJEM OVER

Dei politiske strømmingane som inspirerte rumenaren Eugène Ionesco til å skrive stykket Nashornet i 1959 var fascismen og nazismen, og stykket er som ei påminning om at vi ikkje måtte la ideologiane som lå til grunn for andre verdskrigen vinne fram på ny. I stykket blir folk i ein elles søvnig småby til nashorn som knuser og øydelegg alt dei kjem over, anten det er katten eller huset til naboen. Folk er rådville til korleis dei skal reagere på dette framande fenomenet, og viklar seg inn i rasediskusjonar om kva for type nashorn dei er utsette for, snarare enn å finne grunnen til at folk blir til nashorn. Sakte men sikkert sluttar alle seg til den øydeleggande flokken. Den einaste som ikkje blir eit nashorn, men prøver å forstå kva som hender, er den talentlause drankaren Berengér. 

Les meir om Nashornet på Det Norske Teatrets nettsider.

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 220.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Relatert innhold

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge