Skip to main content

Lærerik familiedag

Pressemelding   •   nov 22, 2016 11:45 CET

Påfuglen på Det Norske Teatret med Heidi Gjermundsen Broch i hovudrolla har fått terningkast 5 i både Dagsavisen og Dagbladet.

Det Norske Teatret inviterer til ein annleis familiedag, der ein kan ha det gøy saman, men også å lære noko om seg sjølve og andre.

FAMILIEDAG

LAURDAG 26. NOVEMBER
KL. 11.00 til 15.00
DET NORSKE TEATRET

Laurdag inviterer Det Norske Teatret til ein lærerik familiedag med teikneverkstad, omvisingar, utstilling, teatersminke, miniteater, julekortfotografering med meir. Utgangspunktet for dagen er familiemusikalen Påfuglen, som nettopp har hausta flotte kritikkar, men også skapt diskusjon. Framsyninga tek for seg mange samfunnsaktuelle tema og viser med humor, musikk og sterke fargar kor vanskeleg det kan vere å leve saman når ein er ulike. Vi samarbeider med Redd Barna og Amnesty, og ser fram mot ein lærerik og gøyal dag for heile familien

Familiedag
Det blir teikneverkstad, fotoutstilling med bilde bilde av barn som har ein annleis kvardag i asylmottak, omvisingar på teatret og i utstillinga, teatersminke, julekortfotografering med meir.
Frå kl. 13.00 til 15.00. Gratis.

Miniteater
For å lage ei teaterframsyning er det mange folk i sving. Her blir barn mellom 6 og 12 år inviterte til å lage ei mini-teaterframsyning på berre tre timar.
Miniteater kostar 100,-, har avgrensa med plassar og tek til allereie kl. 11.00. Krever førehandspåmelding.

Utstillingsopning: Først og fremst barn
Korleis er det å leve delar av barndommen sin i asylmottak? Hva tenkjer barna om sin egen situasjon, kva har dei å fortelje oss? Rebecca Jafary har følgt barn ved asylmottak og står bak utstillinga i samarbeid med Redd Barna.
Opning kl. 13.00. Gratis.


Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 200.000 publikummarar årleg.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar