Gå videre til innhold
Festkveld for Vinje

Pressemelding -

Festkveld for Vinje

I år er det 200 år sidan diktaren, journalisten, kritikaren, språkforkjemparen og folketalaren Aasmund Olavsson Vinje blei fødd. Dette blir markert med festframsyning på Det Norske Teatrets Hovudscene.

VINJE 200 ÅR
Festkveld i høve Vinje-jubileet
LAURDAG 27. OKTOBER KL. 18.00
HOVUDSCENEN

Gjennom fleire hundre dikt, artiklar, reportasjar og essay i bladet Dølen og ikkje minst i den fantastiske reiseskildringa Ferdaminne, la Vinje grunnen for nynorsk som levande bruksspråk og gav oss ein usliteleg songskatt med tonar av våre fremste komponistar – deriblant Grieg. Under festkvelden på Det Norske Teatret vil fem av teaterets skodespelarar belyse ulike sider av mennesket Vinje. Eit eige husband på scenen vil akkopagnere dei mange songane Vinje har skrive tekstane til, som til dømes Ved Rondane og Blåmann, blåmann bukken min.

Lag og institusjonar over heile landet feirar livsverket hans. Festkvelden på Det Norske Teatret med teaterets eigne krefter markerer slutten på ei jubileumsveke i Oslo. Ein kvartett vil i lag med skodespelarar frå teateret framføre dikt med og utan tonefølge, utdrag frå artiklar, reiseskildringar og prosatekstar.


BLÅMANN, BLÅNMANN BUKKEN MIN

LAURDAG 27. OKTOBER KL. 14.00
FOAJEEN I 2. HØGDA

Folkeakademiet viser også dokketeaterframsyninga Blåmann, blåmann bukken min for dei aller minste under Vinjejubileet.

Les meir om Vinjejubileet og festkvelden på Det Norske Teatrets nettsider.

Related links

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 220.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge