Gå videre til innhold
Kjersti Aas Stenby. Foto: Siren Høyland Sæter.
Kjersti Aas Stenby. Foto: Siren Høyland Sæter.

Pressemelding -

Framsyninga som gjer deg til ein strålande representant for menneskeslekta

Kvifor er tanken på rask tilfredsstilling så vanskeleg å stå imot, når ein både inst inne og ytst ute veit betre?

OPERASJON SJØLVDISIPLIN
URPREMIERE 28. FEBRUAR
SCENE 3

Stadig fleire av oss strever med utsettingssyndrom, stress og dårleg samvit. Freistingar torpederer dei langsiktige måla våre, og Facebook blir sjekka annakvart minutt. Den nye heilage treeininga er Netflix, sukker og smelta ost.

Samstundes veit vi at dei som er i stand til å legge band på seg, vente på eit gode og planlegge for framtida både er meir vellykka i yrkeslivet, lykkelegare i privatlivet og har betre fysisk og mental helse. Så kvifor klarar vi det ikkje? Kvifor er det den primitive delen av hjernen som vinn?

IMPULSKONTROLL
Operasjon sjølvdisiplin er ein praktisk og vitskapleg fundert guide til korleis du kan overvinne distraksjonar, slutte å prokrastinere, etablere gode kosthalds- og treningsvanar og gjenvinne impulskontroll. Kort sagt: Lære å bli ein strålande representant for menneskeslekta.

KRITIKARROST FORFATTAR

Agnes Ravatn har gitt ut fleire kritikarroste og prislønte bøker, og har markert seg som ein skarp, vittig og satirisk observatør av menneskeleg svakheit med sine mange essay i Dag & Tid og Dagbladet. I 2007 romandebuterte ho med Veke 53.  Framsyninga Fugletribunalet, basert på boka med same namn, spelte på Det Norske Teatret i 2015—16. No er det den praktiske sjølvhjelpsboka Operasjon sjølvdisiplin som finn vegen til scenen. På scenen står Kjersti Aas Stenby, regissør er Ingrid Werme Nilsen. 

Emner



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 220.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge