Pressemelding -
Kimen av Tarjei Vesaas blir teater
Kva ansvar har den enkelte for ei ugjerning alle var med på?
KIMEN
AV TARJEI VESAAS
URPREMIERE 19. JANUAR KL. 19.30
PÅ SCENE 2
Ei ung jente er drepen. Kven har gjort det? Drapet slår ned som eit lyn i det tilsynelatande uskuldige øysamfunnet. Den nyinnflytta Andreas Vest blir raskt mistenkt, og det utviklar seg til ei nådelaus jakt. Øybuarane tek ei kollektiv avgjerd om å ta lova i eigne hender og drep han.
Ansvarsfråskriving
Angstfulle og i vantru over kva dei har vore med på, går samfunnet inn i ei felles fornekting av hendingane og vender både broren og faren til den drepne jenta ryggen. Ingen vil ta ansvaret for mordet, alle skyv ansvaret over på broren, som stod i bresjen for menneskejakta.
Tru mot boka
Regissør Anders T. Andersen har tidlegare lykkast med å dramatisere litterære verk gjennom NRK-serien Berlinerpoplene. Denne gangen held han seg nærare litteraturen. Han har sjølv stått for dramatiseringa, som er den første teaterversjonen av Kimen. Skodespelarane maner fram historia som om det var eit musikkstykke der alle skodespelarane er ulike instrument. Vesaas sine naturskildringar er med, men blir forsterka gjennom nokre få detaljar i scenebildet.Flokkmentalitet og massesuggesjon
Kimen handlar om eit lite miljø på ei lita øy, men historia som blir fortald, har gjenklang i både historiske og notidige forhold. I ein kritisk situasjon søker vi fellesskapet og leitar etter syndebukkar. Kva er det eigentleg som hender med oss menneske når vi handlar i flokk? Er alle fritatt frå ansvar da?
Emner
Kategorier
Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 220.000 publikummarar årleg.