Gå videre til innhold
11 år handlar om korleis dei vaksne har handla i forkant og etterkant av at ei 11 år gammal turnjente tok livet sitt. Foto: Kim Hiorthøy.
11 år handlar om korleis dei vaksne har handla i forkant og etterkant av at ei 11 år gammal turnjente tok livet sitt. Foto: Kim Hiorthøy.

Pressemelding -

Kva ansvar har vaksne for sårbare barn?

Ei jente på 11 år har tatt livet sitt. Korleis kunne det skje? Kunne det ha vore forhindra? Kven har ansvaret? Foreldra? Skolen? 11 ÅR er ei teaterframsyning som tek i bruk dokumentarisk materiale for å fortelje ei historie om einsemd, skyld og forskyving av ansvar.

11 ÅR
AV GOKSØYR & MARTENS
URPREMIERE TYSDAG 23. MAI KL. 18.00
HOVUDSCENEN, DET NORSKE TEATRET

I 11 ÅR handlar det om kvardagen i skolen. Situasjonen er velkjent for dei fleste. Barn som leikar, kjeklar, tullar, slåst. Lærarar som ikkje får tatt pausen sin fordi dei må rette stilar, snakke med barn som har det vanskeleg eller som vil ha ein pastill. Eitt av barna ved skolen har lenge følt seg utestengt, og har tatt sitt eige liv. I framsyninga blir kvardagen hennar sakte nøsta opp. Kven har skulda for handlinga til elleveåringen? Burde dei vaksne ha sett kor alvorleg det stod til? Kunne dei ha handla annleis? Kan ein legge skulda på ein person eller instans? Mora har behov for å vite den fulle sanninga.

PUBLIKUM ER VITNE

I 11 ÅR flyttar regiduoen Goksøyr & Martens inn på Det Norske Teatrets Hovudscene. Publikum blir plasserte på 4 meter høge stillas. Herifrå kan dei kikke ned i ein skolegard med leikande barn, klatrestativ, husker og sittegrupper. Ved hjelp av øyretelefonar kan publikum samstundes følgje dialogen i eitt av klasseromma på skolen, der det er eit møte mellom den 11 år gamle jentas foreldre, læraren og rektor, som ikkje blir slik nokon av dei hadde sett for seg.

Goksøyr & Martens har sjølve barn på alder med jenta i stykket, og det var deira eigne bekymringar som foreldrer som starta idéen om å ta opp temaet om barn som har det vanskeleg. Foto: Siren Høyland Sæter/Det Norske Teatret.

SJØLVMORD HOS BARN 

Framsyninga fortel ikkje historia om eit verkeleg barn, men er basert på intervju med fleire foreldre, barn, tilsette i skolen og forskarar. Ut frå dette materialet har Goksøyr & Martens skrive ei historie som speler seg ut over ein dryg time ein vanleg ettermiddag. Med denne framsyninga ønskjer dei å rette søkelyset mot eit tema vi snakkar så lite om i det offentlege, at mange trur det ikkje skjer. Men sjølvmord hos små barn skjer. Gjennom å snakke om det, ønskjer dei å auke bevisstheita rundt temaet, og vekke oss vaksne til å tenke, sjå, bry oss og handle. 

ÅLEINE I SKOLEGARDEN, ÅLEINE MED ANSVAR
- Det er ingen tvil om at jenta i stykket har vore for mykje åleine. Men også ein lærar og ein rektor kan vere einsam med eit stort ansvar, seier Camilla Martens. 11 ÅR forsøker å vise kompleksiteten i ein hektisk skolekvardag der skolevesenet blir stilt til ansvar for opplæring av barna, men også for å følge med på det psykososiale miljøet både på skolen og heime. Når du ser utover ein skolegard, vil du ofte sjå barn i ulike situasjonar. - Somme tider vil ein sjå noko som ein tenkjer at er litt merkeleg - og kva gjer ein som vaksen med det? Når skal du gripe inn? Det kan det ofte vere vanskeleg å sjå når ein står midt i det, seier Martens vidare. - Det kan vere veldig lett å vente, sjå det an, supplererer Goksøyr. - I ettertid oppstår eit behov for å finne feilen hos dei andre.

Related links

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 220.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Relatert innhold

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge