Gå videre til innhold
Lite, men storslått - lesing av Sigd

Pressemelding -

Lite, men storslått - lesing av Sigd

Kor mykje liding kan eit menneske tole? Det Norske Teatret les Ruth Lillegravens vesle, men elegante diktforteljing.

LESINGAR

SIGD
AV RUTH LILLEGRAVEN
TYSDAG 17. og FREDAG 20. JANUAR
SCENE 3, DET NORSKE TEATRET

Sigd blei i fjor kåra av fleire aviser til årets beste lyrikk-bok, skrive i eit gnistrande språk. Lillegraven har sjølv uttalt at ho er oppteken av naturens syklusar, og syklusene i eit menneskeliv. At vi blir fødde og skal døy. Og korleis vi klarer å leve med det, og fylle tida best mogleg. Det er dette Sigd djupast sett handlar om.

Enkelt og storslått
Det er ei biografisk forteljing i dikts form om eit enkelt – men samstundes storslått – liv. Endre veks opp som odelsgut i ei vestlandsbygd på 1800-talet. Han skal vere som faren og fedrane før han. Som ung mann treffer han Abelone, giftar seg med henne og tek over garden. Framtida ser lys ut – til Endre blir sjuk og sengeliggjande, og garden må seljast. Kven er han utan retten og plikta han er fødd til? Kva skal han no leve for? Det er da bøkene kjem, frå andre sida av havet, og tek Endre med ut i verda.

DESSE LES: Morten Svartveit, Ingeborg S. Raustøl og Gard Skagestad

Related links

Emner



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 200.000 publikummarar årleg.

Kontakter

  • GARD SKAGESTAD
    GARD SKAGESTAD
    Lisens:
    Creative Commons navngivelse
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    425 x 591, 161 KB
    Last ned
  • MORTEN SVARTVEIT
    MORTEN SVARTVEIT
    Lisens:
    Creative Commons navngivelse
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    425 x 590, 170 KB
    Last ned
  • INGEBORG SUNDREHAGEN RAUSTØL
    INGEBORG SUNDREHAGEN RAUSTØL
    Lisens:
    Creative Commons navngivelse
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    425 x 591, 127 KB
    Last ned
  • SIGD
    SIGD
    Lisens:
    Creative Commons navngivelse
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    2425 x 1364, 4.02 MB
    Last ned