Gå videre til innhold
Ingeborg Sundrehagen Raustøl spelar den kyniske Lady Macbeth som hjelper Macbeth, spelt av Preben Hodneland, til å nå ambisjonane. Foto: Eirik Malmo.
Ingeborg Sundrehagen Raustøl spelar den kyniske Lady Macbeth som hjelper Macbeth, spelt av Preben Hodneland, til å nå ambisjonane. Foto: Eirik Malmo.

Pressemelding -

Macbeth - menneske eller monster?

Det Norske Teatret opnar teaterhausten med William Shakespeares mest blodige tragedie. Kan ein forklare kvifor ein begår vonde handlingar? Går det an å leve med seg sjølv etter å ha starta eit blodbad?

MACBETH
av William Shakespeare
PREMIERE LAURDAG 1. SEPTEMBER
SCENE 2

Macbeth har nyleg vunne ein krig og framstår som ein krigshelt. Så får han ein profeti som seier han skal bli konge. Er profetien sann? Eller må ein dytte litt på for at profetien skal bli verkeleg? Macbeth vel å hjelpe lagnaden, og han viklar seg inn i ein valdsspiral. Macbeth forklarar dette overfor seg sjølv med at ein må ofre litt for å nå eit høgare mål.

MENNESKE ELLER MONSTER?

Det er nyleg Heddaprisvinnar Preben Hodneland som skal få bryne seg på rolla som den blodtørstige kongen. - Nøkkelen er at eg må menneskeleggjere han, seier han om rolla. Regissør Peer Perez Øian ser eit djupt humant menneske i Macbeth. Han meiner også at det vonde er menneskeleg.

SKINNET BEDRAR

På overflata verkar alt vere fint. Scenen er gjort om til ein slags catwalk av scenograf Etienne Pluss. Alt er svart, glinsande, glatt og kunstig belyst. Catwalken er befolka av rike og plettfrie, velkledde menneske. Macbeth tronar over det heile som ein sjarmerande, audmjuk og likandes hærførar - ein alle vil vere venn med. Men både han og Lady Macbeth blir stadig meir plaga etter kvart som dei vadar lenger ut i den blodige elva dei sjølve har skapt. Til slutt er det like langt å gå over, som å snu.


Les meir om Macbeth

Related links

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 220.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Relatert innhold

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge