Gå videre til innhold
Boss Castro (Jonathan Castro), Don Martin og Fela (Felipe Orellana Castro) har alle vakse opp i blokkar i Groruddalen, og identiteten deira er djupt rota i Oslos austkant. Foto: Michael Ray Vera Cruz Angeles.
Boss Castro (Jonathan Castro), Don Martin og Fela (Felipe Orellana Castro) har alle vakse opp i blokkar i Groruddalen, og identiteten deira er djupt rota i Oslos austkant. Foto: Michael Ray Vera Cruz Angeles.

Pressemelding -

Norske rap-pionerar erobrar teaterscenen

Hiphop har vore lidenskapen til Boss Castro, Don Martin og Fela heile livet, og har for lengst blitt levebrødet deira. Tekstane tar ofte utgangspunkt i den delen av Oslo dei voks opp, ein stad der mange slit. Austkanten og konsertscenen er heimebane, no skal dei erobre ein ny arena; teaterscenen.

BLOKK TIL BLOKK
AV 
Jonathan Castro, Don Martin, Felipe Orellana Castro, Hedda Sandvig og Cici Henriksen
URPREMIERE LAURDAG 27. JANUAR
PÅ SCENE 3

Don Martin, Boss Castro og Fela har i lang tid vore markante stemmer innan norsk rap. I blokkene i Groruddalen der dei voks opp blei musikk og personlege songtekstar om identitet fødde. Dei har alle på ulikt vis gjort rap til eit levebrød, og hiphop har vore eit fast haldepunkt heile livet både musikalsk og sosialt. For dei er hiphop ein uttrykksform som gir stemme til dei som lever på sida av samfunnet, dei undertrykte, dei som har føresetnadene imot seg. I hiphopen har dei sjølv funne styrke til å halde seg på beina, og no ønskjer dei å treffe unge og gamle med bodskapen om kor viktig stoltheit over eigen identitet er for kven og kva du er - på ein heilt ny arena. I teaterrommet håpar dei at tekstane kan komme i eit anna lys enn på konsertscenen. I tillegg har dei sydd forteljinga om sine eigne liv rundt låtane, slik at teaterframsyninga blir både konsert og forteljarteater på ei og same tid.

GA STEMME TIL UNDERTRYKTE

Hiphop voks fram mellom blokkene i Bronx, New York, på 70-talet. Dette var ein eksplosiv subkultur skapt av ein undertrykt generasjon minoritetsungdom med svært dårlege levekår. Hiphopkulturen protesterte mot sosial ulikheit, rasisme, undertrykking og urettferd og ga unge menneske utan ein stemme moglegheit til å fortelje si historie og bli høyrt.

PERSONLEGE TEKSTAR

I framsyninga fortel Don Martin, Jonathan (Boss Castro) og Felipe (Fela) sine historier og tek publikum med inn i blokka, bak musikken og tekstane sine. Vi får høyre om Groruddalen, Turtles og MTV, om brorskap og vegval. Om å miste nokon som står ein nær. Om Rudolf, Lillebjørn og Joachim. Om dei uønskte sin fest. Om å ville vere Tupac og Inger Hagerup. Om å ikkje bli bitter, berre betre, og om å leve livet med lidenskap.

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 220.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge