Gå videre til innhold
"Kan nokon gripe inn" med songar av Stein Torleif Bjella opnar Hovudscenen til våren. Onsdag blir det klart kva andre framsyningar som er i vente. Foto: Fredrik Arff.
"Kan nokon gripe inn" med songar av Stein Torleif Bjella opnar Hovudscenen til våren. Onsdag blir det klart kva andre framsyningar som er i vente. Foto: Fredrik Arff.

Pressemelding -

Ny, norsk vår på Det Norske Teatret

I morgon blir repertoaret for våren 2017 gjort offentleg. På plakaten står 11 premierer, og heile 9 av dei er ny, norsk dramatikk.

Onsdag formiddag vil Det Norske Teatret legge fram heile repertoaret for våren 2017.

Om kvelden er publikum og presse inviterte til eit arrangement på Hovudscenen er teatersjef Erik Ulfsby vil presentere heile repertoaret med smakebitar og gjestar frå dei ulike produksjonane.
Her vil det også bli offentleg kven som har dei to største rollene i The Book of Mormon, som har premiere til hausten.

LANSERING VÅREN 2017
ONSDAG 26. OKTOBER KL. 18.00
HOVUDSCENEN, DET NORSKE TEATRET

Ta kontakt for pressebillettar og meir informasjon.

Emner


Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 200.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge