Pressemelding -
Nytt studentkull ved Det Multinorske på Det Norske Teatret
Under eit styremøte på Det Norske Teatret tysdag 14. februar blei det avgjort at Det Multinorske skal halde fram med eit tredje studentkull med oppstart hausten 2018. Det Multinorske er eit studietilbod for skodespelarstudentar med familiebakgrunn utanfor Europa, og tilbodet blei etablert ved Det Norske Teatret hausten 2012.
Målet er å bygge eit ensemble som speglar det moderne Noreg. For å få til det treng vi eit breitt miljø av skodespelarar med ulik bakgrunn, vi treng mange og vi treng dei over heile landet. Utdanninga er treårig og leier til ein bachelorgrad. Dei som fullfører studiet får tilbod om praksis med løn på Det Norske Teatret. Studiet blir gjennomført i samarbeid med teaterutdanninga ved Nord Universitet, men undervisninga er i all hovudsak lagt til Det Norske Teatret.
Nye skodespelarar i arbeid
Det Norske Teatret er tungt involvert i den kunstnarlege, pedagogiske og administrative styringa av utdanninga. Første kull i skodespelarstudiet avslutta utdanninga si våren 2015 og gjekk inn i ensemblet sesongen etter. Desse er no i jobb ved m. a. Kilden Teater og Konserthus, Hordaland Teater, Sogn og Fjordane Teater, Det Norske Teatret og i film, tv og radio. Neste kull er alt inne i andre året i utdanninga. Effektane av eit prosjekt som dette og som dessutan har ein så lang horisont, kan vere vanskeleg å måle. Vi er likevel ikkje i tvil om at det har mykje å seie for den framtidige rekrutteringa til scenekunsten.
Styrkar integreringa
Det er eit sterkare press på scenekunsten om å spegle samfunnet rundt seg. Anerkjenninga av Det Multinorske både frå politisk hald gjennom tilskot frå regjeringa og bransjen gjennom Norsk Publikumsutviklings pris for integreringsarbeid, gjer at visjonen og viljen til å rette på den skeive etniske representasjonen i norsk scenekunst er ikkje svekka. Tvert om.
Publikum må kjenne seg igjen
Det Norske Teatret ønskjer å nå lenger ut, nå nye grupper, fortelje nye historier og bli opplevd som relevant for alle slags nordmenn uavhengig av kulturell bakgrunn. Derfor held teateret fram med å utdanne skodespelarar med ikkje-vestleg bakgrunn i det som vil vere eit løft for norsk scenekunst.
Related links
Emner
Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 200.000 publikummarar årleg.