Gå videre til innhold
Er ulik klasse bakgrunnen for at Kasimir og Karoline kranglar? Foto: Erik Berg.
Er ulik klasse bakgrunnen for at Kasimir og Karoline kranglar? Foto: Erik Berg.

Pressemelding -

Påverkar klasse relasjonane våre?

Vel vi vennane våre ut ifrå deira sosiale status? Har dei med meir pengar det artigare enn andre? Med festen som utgangspunkt, ser Kasimir og Karoline nærare på korleis klasse og økonomi kan vere med på å forme liva våre.

KASIMIR OG KAROLINE
PREMIERE 13. JANUAR
HOVUDSCENEN, DET NORSKE TEATRET

I Kasimir og Karoline blir vi med på Oktoberfest der alle samfunnslag møtest for å drikke øl av gigantiske krus, ete digre pølser og gjere ting dei ikkje elles ville ha gjort. Alle har ein grunn for å gløyme kvardagen for ein kveld. Kasimir har nett mista jobben, og er ikkje så gira på å feste. Han går ei usikker framtid i møte. Karoline har gledd seg til Oktoberfesten eit heilt år, og vil ikkje la noko så trivielt som å miste jobben, øydelegge kvelden. Plutseleg vil Karoline heller feste med dei eldre meklar-typane, dei som byr på sjampis og karusellturar. Kasimir opplever at Karoline ikkje vil ha han, ikkje veit han om han er bra nok for henne lenger, heller. 

Eit spørsmål om klasse?

Kasimir har ikkje familie, manglar sikkerheitsnett og har ikkje utdanning. Karoline kjem frå ein middelklasseheim og er van med at "ting løyser seg". Å miste jobben er ingen umiddelbar fare. - Framsyninga viser kor vanskeleg det er å halde på det medmenneskelege og å vere empatisk, elske sine næraste ved tap av status. Vi lever i eit samfunn der det blir lagt så mykje vekt på yrke, inntekt, sosial kapital, på korleis vi «brandar» oss sjølve. Også kjærleiken blir ein slags handelsvare. Menneska blir objekt som har ulik verdi, seier regissør Peer Perez Øian.


Party-sirkus

Verdsøkonomien vaklar, arbeidsløysa stig i Europa, dei politiske frontane er skjerpa, populisme vinn terreng – framtidsutsiktene er beint fram usikre - også "der ute". Men vi forbruker som om inga miljøkrise trugar. Vi pumper olja opp og tenker ikkje så mykje på den dagen reservane er tomme. Vi festar på sjølv om vi er på kanten av stupet. Dramatikar Ödon von Hórvath lot den årlege Oktoberfesten bli eit symbol på verda før det berømte børskrakket på 30-talet. Regissør Peer Perez Øian meiner det er eit like godt bilde på verda i dag. Scenografen Etienne Pluss, som tidlegare m.a. har samarbeidd med Perez Øian på Tjue tusen sider, har gitt sitt bilde på denne dommedagsfesten gjennom eit sirkus-partytelt som dekker bokstaveleg talt heile scenen. Her er rutsjebanar og karusellar og karaokemusikk..


Les meir om framsyninga her

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 220.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Relatert innhold

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge