Gå videre til innhold
Toralv Maurstad bryner seg igjen på Peer Gynt. Foto: Fredrik Arff
Toralv Maurstad bryner seg igjen på Peer Gynt. Foto: Fredrik Arff

Pressemelding -

Peer Gynt er haustens storsatsing på Det Norske Teatret

Peer Gynt har gjort ei formidabel livsreise. Han er sliten, medtatt og trøytt. Ferda gjennom livet har gitt mange oppturar, og enda fleire nedturar. Han har vore storkar og briska seg ute i verda. Møtt folk og skapnader, levd eit sjølvsentrert, vitalt og engasjerande liv. Peer ville vekk – vekk frå Noreg, men mest vekk frå seg sjølv. Han ville skape seg om, utfalde seg, bli rik, han ville forbruke og han ville nyte. Men mot slutten av livet vender han heim, tungt merka av erfaringane han har gjort seg. No må han stå til rette for sitt eige liv. Kven var han eigentleg? Og toler livet hans møtet med Knappestøyparen?

Toralv Maurstad skal igjen ta fatt på den mangslugne karakteren. I sitt siste og endelege oppgjer, er dette en Peer som ser tilbake på det livet som er levd. Frå erindringas mørkerom blir publikum tatt med i ein minnestraum. Ein lang rad ulike minne dukkar opp. Det er som om Peer blar fram og tilbake i sitt eige fotoalbum, der eit heilt liv blir bretta ut og framkalla. Ut av minnet stig historier, møte og erkjenningar som blir spelt av eit stort ensemble på 14 skodespelarar.

Maurstad om Peer

Toralv Maurstad ser fram mot å bryne seg på den gamle kjenningen. 91-åringen har spelt Peer Gynt både som ung og midt i livet. – No har eg den erfaringa som gjer det mogleg å spele den gamle Peer på ein måte eg aldri har makta før, seier han om rolla. - Eg ser ikkje på Peer som ein løgnar. Han har ein altfor frodig og utemma fantasi. Han skryt og diktar, med sjarm og vidd. Feilen er at han misbruker fantasien sin for å imponere og for å få merksemd – også hos damene. Det blir interessant å ta eit oppgjer med eit slikt liv. Eg trur han må innstille seg på å bli smelta om, gå inn i massen blant andre menneske. Slik vi alle kanskje må vere budd på.

Om valet av hovudrolle

Erik Ulfsby som har regien, ønskjer i denne versjonen å ta utgangspunkt i møtet mellom Peer Gynt og Knappestøyparen i siste akta. Peer undrar på kva som var meininga med det heile, og får til svar at det burde han hatt ei viss aning om. Blant dei som ikkje har det, finn nemleg djevelen sine lettaste bytte. Det er med ein fot over avgrunnen at Peer må kaste lys over eigne gjeremål.

- Eg høyrde Toralv i sigersrusen etter utdelinga av Heddaprisen i fjor seie at han ville stå på scenen til dei måtte bere han av brettet. Det slo meg som ein utruleg gyntsk replikk, seier Erik Ulfsby om valet av Maurstad i rolla som Peer Gynt. - I tillegg er det jo slik at Toralv på mange vis ber den norske Peer Gynt-tradisjonen på akslane. Slik far hans også gjorde. No kan han møte teksten med all den visdom og all den glede og smerte eit langt liv fører med seg, seier Ulfsby.

- I denne versjonen vil eg løfte fram det allmennmenneskelege i Peer Gynt. Han er meg, han er deg, han er oss alle. Men sjølv ser han det kanskje noko annleis. Han skaper seg ei verkelegheit som han sjølv kan leve i. Kvar gong han havarerer, så finner han seg opp på nytt. Maurstad har den krafta, den viljen og det levde livet som fyller rolla slik eg ønskjer å forme denne versjonen. Peer som yngre vil blir spelt av dei andre i ensemblet, men heile tida sett frå den gamle sin ståstad.

Peer Gynt i to runder for Erik Ulfsby

I 2014 revitaliserte Ulfsby Peer Gynt ved Gålåvatnet i ein moderne versjon med Mads Ousdal i tittelrolla. Åpenbaring i fjellheimen, skreiv Aftenposten etter premieren. Arbeidet med stykket er ein prosess som strekker seg vidare. 20. april har Ulfsby premiere på Peer Gynt ved Nationaltheatret i Zagreb. Ibsens verk blir for første gong omsett i sin heilskap til kroatisk for dette høvet og framsyninga kjem til i eit samarbeid initiert av European Theatre Convention (ETC), eit europeisk teaterfellesskap der Det Norske Teatret er medlem. Med seg har Ulfsby scenograf Arne Nøst, kostymedesignar Ingrid Nylander, koreograf Belinda Braza, lysdesignar Torkel Skjærven og videodesignar Reidar Richardsen. Same konseptet blir nytta når Peer Gynt blir sett opp med teaterets eigne skodespelarar 9. september på Hovudscenen.

Les meir om Peer Gynt på våre nettsider.

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 220.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge