Gå videre til innhold
​Permitteringar og nye avlyste framsyningar ved Det Norske Teatret

Pressemelding -

​Permitteringar og nye avlyste framsyningar ved Det Norske Teatret

Det Norske Teatret må avlyse nye framsyningar ut april. Dei tilsette blir 80% permitterte.

Det Norske Teatret har vore stengt sidan 12. mars, i tråd med retningslinjene frå styresmaktene vedrørande korona og smittevern. Det Norske Teatret må ta konsekvensane av ein usikker situasjon og avlyser alle framsyningar, prøver og annan aktivitet ut april.

Omfattande konsekvensar

Koronapandemien er ein uføreseieleg og alvorleg situasjon som har stilt Det Norske Teatret framfor store og uvande utfordringar. Teateret har ansvar for å tilpasse verksemda til ein periode med bortfall av arbeidsoppgåver og billettinntekter, samtidig som ein tar vare på dei tilsette og det sterke fellesskapet på Det Norske Teatret.

- Det Norske Teatret er ei solid verksemd som mottar statsstøtte. Billettinntekta ved teateret er for tida rekordhøg og utgjer om lag 30% av budsjettet. Det gjer teateret sårbart når vi må avlyse alt. Permittering av dei tilsette har derfor tvunge seg fram for å kunne berge Det Norske Teatret og arbeidsplassane gjennom denne krisa, seier direktør Hans Antonsen.

Sterkt fellesskap

- Det har vore ei vanskeleg avgjerd. Vi er glade for den gode dialogen med dei tilsette og tillitsvalde, for at vi har funne ein modell som passar Det Norske Teatret og for at eit samla styre slutta seg til denne, seier direktør Hans Antonsen.

- Styret ser på situasjonen med stort alvor, og har samla slutta seg til framlegget om permitteringar, seier styreleiar Nina Refseth.

Frå 14. april blir 250 tilsette permitterte i 80% frå oppgåvene til teateret. Det Norske Teatret har eit behov for å ha dei tilsette knytt til arbeidsplassen, slik at teateret både kan førebu oppstart og auke kompetansen blant dei tilsette i denne krevjande perioden. Det vil dei kunne gjere i denne modellen. Nokre få nøkkelfunksjonar vil vere sterkare knytt til verksemda inntil vidare, men dette vil bli fortløpande vurdert.

- Vi håpar denne perioden blir så kort som mogleg, og vi skal gjere alt i vår makt for å bringe dei tilsette tilbake i arbeid så fort det er helsemessig og økonomisk forsvarleg. Vi ser fram til å opne dørene for publikum igjen, seier teatersjef Erik Ulfsby.

Alle som har kjøpt billettar for framsyningar i april blir kontakta. Totalt omfattar dette nærare 200 framsyningar og arrangement.

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge