Gå videre til innhold
Kjersti Dalseide i Tusen takk teater. Foto: Noah Alveberg.
Kjersti Dalseide i Tusen takk teater. Foto: Noah Alveberg.

Pressemelding -

Poserande latterleggjering av samtida

Tusen takk teater er ei framsyning det er vanskeleg å setje ord på - ei framsyning som sjølv ironiserer over eit kvart forsøk på å skildre kunst i få linjer.

TUSEN TAKK TEATER
av Marco Reinertsen
URPREMIERE FREDAG 19. OKTOBER KL. 19.30
PÅ SCENE 2

Ein vaskesetel forfatta utanfor scenerommet kan knapt romme Tusen takk teaters tanke eller yte framsyninga rettferd. Vegringa mot å karakterisere Tusen takk teater skuldast faren for sjølv å bli gjenstand for kritikken som framsyninga framfører. I denne straumen av tekstbrokkar, impulsar og rein posering blir vi vitne til eit spenn av kjensler: Einsemda i den individualistiske og sjølveksponerande tida vår. Behovet for merksemd som gir seg utslag i latterleg sjølveksponering. Politisk korrektheit og politisk vrøvl som slost om sanninga. Samtalar om kunst. Og absurde digresjonar. Tett under denne overflatiske poseringa lurer sjølvhjelpsindustrien med sine kvasifilosofiske råd og tips.


Bekmørkt univers

Dramatikar Marco Reinertsen og regissør Angelina Stojčevska utfordrar rammene på Scene 2 i eit bekmørkt univers som både er symboltett og elegant. Scenograf Katrin Bombe har skapt ein krysning mellom borgarskapets fornemme litteratursalongar og eit moderne uniformert club-konsept med nikk til historisme, ekstravaganse og stilsikre snitt. I denne svartmåla hybriden strøymer personlege refleksjonar og erfaringar, idear og postulat frå eit ensemble på fem skodespelarar. Sanning er vanskeleg å skjelne frå løgn, normalitet frå galskap, men i botn ligg ønsket om å vere den beste utgåva av seg sjølve. Tapet av kontroll blir så mykje verre når inntrykket frå omverda er at livet kan vere så enkelt.

Humoristisk blikking

Tusen takk teater er ei slags oppsummering av teaterets tilstand, eit kritisk blikk på liva som blir levd ut på scenen i ei tid der vi alle kan oppleve å ha vår eigen scene, vårt eige teater. Eller er Tusen takk teater berre ei humoristisk blikking av posørar, dilettantar og inst inne sårt einsame menneske på verdas scene?

Les meir om framsyninga Tusen takk teater på Det Norske Teatrets eigne nettsider.

Related links

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 220.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Relatert innhold

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge