Gå videre til innhold
Samekvinna som gifta seg med ein konge

Pressemelding -

Samekvinna som gifta seg med ein konge

Snøfrid Svåsedotter var samekvinna som gifta seg med den norske kongen Harald Hårfagre, mannen som samla Norge til eitt rike. Framsyninga er ei dramatisk forteljing om maktkamp, intriger og kjærleikens magiske kraft.

SNØFRID
AV ARNE BERGGREN
PREMIERE FREDAG 23. FEBRUAR KL. 20.30
SCENE 3, DET NORSKE TEATRET
Gjestespel frå Det samiske Nasjonalteatret Beaivváš

Ein av dei underlegaste passasjane i Snorres kongesagaer er forteljinga om Snøfrid Svåsedatter, samekvinna som gifta seg med Harald Hårfagre før han blei mannen som samla landet til eitt rike. Ho var så vakker at kongen gløymte alt anna og forsømte stillinga si. Fire barn fekk dei i lag, før Snøfrid døydde i barselseng og Harald gleid inn i ein psykose.

Snøfrid var like vakker død, som da ho levde, og derfor blei ho liggjande på likstrå i heile tre år. Hårfagre var sikker på at ho kom til å vakne igjen.

Forteljinga om Harald Hårfagre som gifta seg med samekvinna Snæfríđur, dukka først opp på 1100-tallet, i konge-krøniken Ágrip. Ein generasjon seinare tok Snorre Sturluson denne forteljinga med i Heimskringla ord for ord. No har dramatikar Arne Berggren har gått inn i Snorres forteljing og prøvd å finne ut kva som eigentleg skjedde før Harald Hårfagre samla Noreg til eitt rike.

Framsyninga er eit gjestespel frå Det samiske Nasjonalteatret Beaivváš.

Det Samiske Nasjonalteatret er den eneste profesjonelle teaterinstitusjonen i Norden som konsekvent bruker samisk som scenespråk. Teatret er et turnéteater som flere ganger i året turnérer i hele det samiske området i Norge, Sverige og Finland, noen ganger også Russland. I tillegg gjør Beaivváš jevnlig turnéer utenfor Norden for å synliggjøre samisk kultur også internasjonalt. Framsyninga blir spelt på nord-samisk og teksta til nynorsk.

Les meir om Snøfrid

Related links

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 220.000 publikummarar årleg.

Det Samiske Nasjonalteatret Beaivváš (BSNT) ligg i Guovdageaidnu/ Kautokeino i Finnmark, Noreg. Det Samiske Nasjonalteatret er den eineste profesjonelle teaterinstitusjonen i Norden som konsekvent bruker samisk som scenespråk. Teatret er eit turnéteater som fleire gonger i året turnérer i heile det samiske området i Noreg, Sverige og Finland, nokre gonger også Russland. I tillegg gjer Beaivváš turnéer utanfor Norden for å synliggjere samisk kultur også internasjonalt.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge