Gå videre til innhold
Willy Wonka blir spelt av Fridtjof Stensæth Josefsen, kjend frå NRKs Hit for hit, og Peter Andreas Hjellnes Moseng er mellom dei to gutane som spelar Charlie Bucket. Foto: Eirik Malmo.
Willy Wonka blir spelt av Fridtjof Stensæth Josefsen, kjend frå NRKs Hit for hit, og Peter Andreas Hjellnes Moseng er mellom dei to gutane som spelar Charlie Bucket. Foto: Eirik Malmo.

Pressemelding -

Sjokoladefest på Hovudscenen

Vidar Magnussen hadde sist regien på The Book of Mormon - no er han sjefskonditor når dei siste ingrediensane til Roald Dahls Charlie og sjokoladefabrikken blir smelta saman på Det Norske Teatret.

ROALD DAHLS CHARLIE OG SJOKOLADEFABRIKKEN
av David Greig, Marc Shaiman og Scott Wittman
NOREGSPREMIERE LAURDAG 9. NOVEMBER KL. 18.00
HOVUDSCENEN

Når Broadway-musikalversjonen av Roald Dahls Charlie og skoladefabrikken dundrar inn på Hovudscenen er det duka for barneteater av gigantiske dimensjonar. Den spinnville sjokoladedirektørens fabrikk i sceneversjon er så stor at den ikkje fekk plass på teaterets verkstader. Her finst ein ti meter høg sjokoladefoss, rulleband til 45 nøtter så store som badeballar, ein fem meter høg tyggismaskin med 55 store glittertyggisballar, 0,5 kilometer ledlys, ein sjokoladeelvebåt, ein flygande glasheis, eit fire meter høgt ekorn og ein hær av Ompa Lompaar, i tillegg til eit tolv manns orkester og over 100 ulike kostyme og 50 parykkar. Det er ein produksjon som verkeleg får det til å knake i veggane når det gjeld volum og kapasitet. Regissør Vidar Magnussen og det kunstnarlege teamet har tatt i bruk alle fargeblyantane og ikkje spart på noko.

Les meir: - Eg vil gjerne lage ei framsyning som Roald Dahl ville ha likt å sjå, seier Vidar Magnussen.

Det løner seg å vere snill

I sentrum for det heile står den ærlege og hjartegode fattigguten Charlie (Ole Opsal Stavrum / Peter Andreas Hjellnes Moseng) og den sprø sjokoladefabrikkdirektøren Willy Wonka (Fridtjof Stensæth Josefsen). Framsyninga er ei herleg dryg og mørk historie for både barn og vaksne, der dei slemme får som fortent og dei snille får oppfylt sine søtaste draumar. Grensene for kva som er teknisk mogleg blir strekt til det ytste når Augustus Gloop skal bade i sjokoladeelva, Mike Teavee skal zappast inn i TVen og glasheisen skal flyge - for å nevne nokre av dei illusjonane som skal bli skapte på scenen.

Les meir: – Det skal bli gøy, sjølv om eg ikkje er utprega glad i sjokolade, seier Fridtjof Stensæth Josefsen, som er mest kjend frå humorgjengen Kollektivet og Hit for hit.

Willy Wonka (Fridtjof Stensæth Josefsen), Veruca Salt (Catharina Vu), Augustus Gloop (Kristoffer Olsen), Violet Beauregarde (Tiril Heide-Steen), Mike Teavee (Hans Magnus Hildershavn Rye) og Charlie Bucket (Ole Opsal Stavrum). Foto: Eirik Malmo.

West End, Broadway og Oslo
Musikalen basert på Roald Dahls kjende barneroman hadde premiere i Londons West End i 2013, og opna i ei omarbeidd utgåve på Broadway i New York i 2017. Sceneteksten er skriven av David Greig. Musikken og songtekstane er ved Marc Shaiman og Scott Wittman som blant anna står bak musikalane Hairspray og Catch me if you can, og TV-serien Smash! No skal eit norsk publikum for første gong oppleve musikalversjonen på ein norsk scene.

Les meir om Roald Dahls Charlie og Sjokoladefabrikken.

Emner

Kategorier



Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg.

Kontakter

Ida Michaelsen

Ida Michaelsen

Pressekontakt Informasjonssjef 414 45 345
Åsne Dahl Torp

Åsne Dahl Torp

Pressekontakt Informasjonskonsulent 986 23 573

Refleksjon, oppleving og underhaldning

Det Norske Teatret har sidan starten i 1913 vakse fram som ein av dei viktigaste og mest særeigne teaterorganisasjonar i Norden. Vi har som mål å vere eit teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Med nynorsk som scenespråk og ei medviten haldning til samfunnet rundt oss, skapar vi nye uttrykk og når eit stort publikum. Det Norske Teatret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar i sentrum i tillegg til ein scene på Rommen Kulturhus i Groruddalen. Teateret har over 220.000 publikummarar årleg.

Det Norske Teatret
Kristian IVs gate 8
0164 Oslo
Norge