Pressemelding -
Snøkvit gjer opprør mot skjønheitstyranniet
Kvifor er ikkje dronninga lykkeleg sjølv om ho er verdas penaste? I denne splitter nye variasjonen over eventyret om Snøkvit, har Charlotte Frogner hovudrolla som den opprørske prinsessa som frigjer seg frå mora og tek eit oppgjer med skjønnheitstyranniet.
SNØKVIT
AV MARIA TRYTI VENNERØD OG JULIAN SKAR
URPREMIERE 7. OKTOBER KL. 18.00
HOVUDSCENEN, DET NORSKE TEATRET
Snøkvit veks opp blant skyhøge parykkar, overdrivne og barokke kjolar, pudderkvastar, støvkostar og eit hav av tyll - som ein mini-versjon av mora, som er dronning. Dronninga (Ingeborg Sundrehagen Raustøl) har ein krinoline så stor at ho må bli trilla rundt på hjul og ser latterleg ut - men det er det ingen som seier, for ho er jo verdas penaste. Å ha ei mamma som er så vakker, bu på eit slott med eit heilt hoff parat til å hjelpe med alt mogleg, og å vere prinsesse – det høyrest ut som eit eventyr. Og slik er det for Snøkvit. Heilt til kjolebandet ein dag blir for stramt....
Opprørsk Snøkvit
Ho kjenner på seg at verda må ha noko meir å by på enn speglar. Ho vil for eksempel utforske den hemmelege verda utanfor spegelslottet, der gartnarguten Jan Grøn (Hermann Sabado) held til. Dronninga synest det er ein dårleg ide. Ho vil at Snøkvit skal sjå seg i spegelen og øve på sjølv å bli verdas vakraste.
Nytt eventyr og ny musikk
Ekteparet Maria Tryti Vennerød og Julian Skar har lenge drøymt om å skrive ein musikal i lag, og no blir det endeleg alvor av planane. Ho har skrive eit heilt nytt barnestykke og songtekstar inspirert av det kjende eventyret til Brørne Grimm, han har komponert musikken og melodiane. – Snøkvit er jo eigentleg ei grotesk historie, seier Tryti Vennerød. – I den eldste versjonen var det heller ikkje snakk om ei stemor. Det var ei ekte mor som ikkje kunne halde ut at dottera blei ei vakrare kvinne enn ho sjølv, og eg har villa sjå nærmare denne forteljinga. Forholdet deira er ikkje lenger slik mora ønskjer. Snøkvit tar eit oppgjer med si eiga mor og med seg sjølv. Ho vil finne ut kven ho er og kva som er hennar sanning.
Emner
Kategorier
Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 220.000 publikummarar årleg.